Merkelapp: suppe

Urtesuppe med bladgrønt og løk

Urtesuppe med bladgrønt og løk

I hagen har eg bladpersille, løpstikke, løk, kvitløk, jordeple (poteter), bladbete (mangold), bladkål (fleirårig kål/svartkål/grønkål). Kva kan eg laga av det? Suppe! Enkelt og godt, særleg når det regnar – og lite oppvask. Og jammen var der ikkje både meierismør, H-mjølk og ein slant kvitvin […]

3 dessertar og 4 kaker med rabarbra +slik får du digre planter

3 dessertar og 4 kaker med rabarbra +slik får du digre planter

Rabarbrafesten er i gong! Så mykje godt du kan laga av denne praktfulle, fleirårige grønsaken. Dei to siste åra har eg laga 11 ulike rettar med rabarbra. Her får du oppskriftene på åtte av dei eg likar best.  Kanskje du får lyst å testa nokre? […]

Jordskokksuppe

Jordskokksuppe

Tenk at tre knollar kan bli til vel ti liter deileg suppe! Det vil seia 5 kilo jordskokk som eg  tok opp nå. Alt frå tre jordskokkplanter som altså var tre knollar i fjor vår. Her får du oppskrifta. Pluss tips for mindre fising og […]

Smakfull sellerisuppe

Smakfull sellerisuppe

Eg synes det er deileg med suppe før, mellom og etter julematen. Selleri har svært få kaloriar, men inneheld godt med mineralar og betennelsesdempande fytokjemikaliar.  Full av smak er denne kremete suppa som du kan ha til lunch, kvardagsmiddag, kvelds eller som forrett i selskap. Oppskrifta […]

Herleg haustsuppe

Herleg haustsuppe

Fem ulike rotgrønsaker er det i denne suppa – mist like god som ho er sunn. Lett å laga: Bare å ha alt i ei gryte og la det putra.  Eit godt bevis på at enkelt ofte er det beste og at helsebringande mat ikkje er […]

Løpstikkesuppe

Løpstikkesuppe

Aldri prøvd løpstikkesuppe? Då er det på tide. Med denne urten frå du ei smakfull og god suppe ut av vanlege og billige ingrediensar som løk og potet. Heldige oss som har denne fleirårige, hardføre urten i hagen! Den stod endåtil høg og frodig høgt […]

Rubinsuppe

Rubinsuppe

Denne mørkerøde, fløyelsaktige suppa er god og mettande, men kalorifattig. Lettvint: Du slepp å stå med skjerefjøla og hakka opp, som med dei fleste andre grønsaksupper. Eg hadde tenkt å sylta rødbetene.  Men så måtte eg plutseleg finna på noko til lunch. Dermed blei denne […]

Rød kraftsuppe med oksekjøt og rødbeter

Rød kraftsuppe med oksekjøt og rødbeter

Styrk deg på denne gode suppa med kraftbein, oksehøgrygg, poteter og røde, grøne, oransje og gule grønsaker! Finn fram ei stor gryte: Dette brukte eg: (Nok til om lag 10 porsjonar) 4 liter vatn 5 kraftbein (jo fleire, jo betre!) 1,5 kilo oksehøgrygg 900 gram […]

Koss brukar du 10 lass mangold/bladbete?

Koss brukar du 10 lass mangold/bladbete?

Beda mine står fulle av grønsaker. Etter stormen “Knud” gjekk det plutseleg opp for meg: Snart er det oktober! Her gjeld det å hausta, eta, koka, baka, sylta, juica og frysa.  Koss skal eg få brukt opp all mangolden! Her får du tips både til […]

Ufo-suppe med squash og persille

Ufo-suppe med squash og persille

Eg elskar suppe! Både fordi det er godt, varmande, sunt, lettvint, drygt og billig. Og så går det an å laga suppe av einkvar grønsak! Blir godt mest uansett kva du har i gryta om råvarene er gode. Eg tek alltid utgangspunkt i kva grønsaker […]