Merkelapp: suntoggodt

Råkostsalat,  perfekt  til  restemat

Råkostsalat, perfekt til restemat

Frisk, syrleg og sunn er denne råkostsalaten som passar ypperleg både til kald og varm mat. Til restane av nøttesteika for eksempel. Eller til brødskiver med dei siste restane av  sylte og anna julepålegg. Et gjerne ei stor skål til lunch! Det aller beste kålet […]

Romjulssmoothie  med  tranebær  og  fiken

Romjulssmoothie med tranebær og fiken

Syrlege, supersunne tranebær og kirsebær gir rødfargen på denne smoothien som er søta med fiken og honning og gjort kremete med kokosmjølk. Sova godt må me, verkande ledd og musklar vil me ikkje ha, og urinveisinfeksjon vil me unngå. Så lag deg denne! Sjå helsefordelar […]

Pepparkakegraut  med  tyttebær

Pepparkakegraut med tyttebær

Eg er så glad i havregraut! Både sunt og godt, lettvint og mettande. Billig er det også. Godt alternativ til brødskivene me nordmenn et både til morgons og kvelds. Grå og kjedeleg graut? Nei, slett ikkje! Du kan tilsetja både fargeglade bær og frukt, vera […]

Nøttebrød  med  sunt  sjokoladepålegg

Nøttebrød med sunt sjokoladepålegg

Her får du oppskrift på to næringstette brød utan gluten og kveitemjøl pluss oppskrift på proteinrikt sjokoladepålegg utan sukker. Et du to skiver slikt brød med dette pålegget, held du deg mett minst dobbelt så lenge som om du et vanleg kneippbrød med syltetøy. Sjokoladepålegget […]

Lettvint  graskarsuppe  med  ingefær,  kokos  og  appelsin

Lettvint graskarsuppe med ingefær, kokos og appelsin

Ingefær set ein ekstra spiss på denne rike, gylne graskarsuppa med kokosmjølk som du lagar på under ti minuttar. Graskarpuréen kan du laga dagen før. Det er bare å skjera eit graskar opp i båtar og baka dei i omnen i vel 20 minuttar til […]

Juice:  Eple  og  gurkemeie

Juice: Eple og gurkemeie

Her er den tredje oppskrifta på juice med gurkemeie. Eg må vedgå at denne var den beste… Og fargen, sjå fargen! Gulare enn novembersola.. OPPSKRIFT: 7 små epler med skal og kjernehus 1/2 økologisk sitron med skal 30 gram gurkemeierot med skal 15 gram ingefærrot […]

Juice:  Gulrot,  sitrus  og  gurkemeie

Juice: Gulrot, sitrus og gurkemeie

Denne oransje juicen gir deg både A-vitaminar frå gulerøter, C-vitaminar frå sitron og appelsin og betennelsesdempande stoff frå gurkemeie og ingefær. Sitron til i juice med gulerøter, synes eg. Den syrlege sitrusen og den pepparaktige ingefærsmaken piffar opp smaken av gurkemeie og søte gulerøter. Eg […]

Pannekaker  med  graskarpuré

Pannekaker med graskarpuré

Vil du servera gode pannekaker/lappar til sundagsfrukosten, bruk ein halvtime i dag på å laga graskarpuré.  Desse pannekakene er gode på smak og er laga av ingrediensar som er bra for deg. Av eitt mammutgraskar fekk eg vel fire liter puré som eg kan bruka […]

Rubinsuppe

Rubinsuppe

Denne mørkerøde, fløyelsaktige suppa er god og mettande, men kalorifattig. Lettvint: Du slepp å stå med skjerefjøla og hakka opp, som med dei fleste andre grønsaksupper. Eg hadde tenkt å sylta rødbetene.  Men så måtte eg plutseleg finna på noko til lunch. Dermed blei denne […]

Grønkålchips

Grønkålchips

Du veit koss det er med potetchips, har du fyrst putta ein chips i munnen, må du ha fleire… Slik er det med grønkålchips også. Men bare knas i veg du! Jo meir du et, jo betre! For grønkål er proppa med gode næringsstoff. Her […]