Merkelapp: Sofie

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Nyplukka, nykokte maiskolber var det ungane likte aller best å eta frå Leikeplasshagen i fjor. Sjølvsagt måtte me ha mais også i år. Lettare å få til enn du trur, den  største utfordringa er vinden… Eg har nett vore ute og støtta opp maisplantene med staudestøtter. […]

Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar

Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar

Eg nyt synet: Irrgrøne kvitløkspirer opp or dørkarmkassen. Ikkje så vakre som påskeliljene kanskje, men for eit sterkt symbol på vår! Og så godt det smakar! Ei oppleving alle som kjøper ferdig kvitløk går glipp av. Den fyrste veka i april stakk spirene såvidt opp, […]

Gul glede i april – og om koss påskeliljene blei redda frå dynga

Gul glede i april – og om koss påskeliljene blei redda frå dynga

Påskeliljer, påskeliljer over alt! Må jo bare bli glad! Over at VÅREN endeleg er her for fullt.  Plutseleg  skaut dei opp or det brune dekket av lauv og flis under bærbuskar og frukttre og farga beda gule. HO-HO, ny versjon: I går gløymde eg å […]

Lukkelege grønsaksbarn

Lukkelege grønsaksbarn

Nå er dei glade, kålungane mine! Eg har nemleg flytta ei og ei spire frå det vesle såbegeret og over i kvar si vesle potte. Nå får dei meir plass og meir mat, slik at dei kan veksa seg større utan å kvela kvarandre.  Prikling […]

Slik sår Sofie (9) reddik

Slik sår Sofie (9) reddik

Nabojenta Sofie er min beste hjelpar i drivhuset og kjøkkenhagen. I går sådde ho reddik.  Sjå her: Ha mold i balje, og løys opp klumpane, med hendene (lurt å bruka hanskar). Vatna molda med lunka vatn. Bruk sil på vannekanna.  Molda skal bli fuktig, ikkje dassblaut. […]