Merkelapp: så

Ikkje lurt å så for tidleg, lær av bommertane mine

Ikkje lurt å så for tidleg, lær av bommertane mine

“Har du begynt å så?” spurde ho med glød i augene. Nei, måtte eg medgje, i år har eg bestemt meg for å ha is i magen og venta. For tek eg fyrst fram såposane, blir eg fort freista til å ikkje så bare litt, […]

Sjå herlege bilete frå høgdepunkt i juli!

Sjå herlege bilete frå høgdepunkt i juli!

Juli er full av høgdepunkt i kjøkkenhagen: Opptak av poteter, løk, kvitløk, spisskål, plukking av bær, bondebønner, squash, massevis av fargeglade sommarblomar. La meg visa deg flotte bilete fotograf Jan Inge Haga tok då Håvard (11), Mina (13) og Maja (15) var med i kjøkkenhagen. […]

Tid for å hausta og planta på nytt

Tid for å hausta og planta på nytt

Mitt fyrste år med kjøkkenhage sådde eg alt i mars, planta ut alt i starten av mai og dermed blei alt også ferdig omlag samstundes… Nå har eg lært at det er mykje smartare å så og planta ut i fleire omgangar. Både for at […]

Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar

Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar

Eg nyt synet: Irrgrøne kvitløkspirer opp or dørkarmkassen. Ikkje så vakre som påskeliljene kanskje, men for eit sterkt symbol på vår! Og så godt det smakar! Ei oppleving alle som kjøper ferdig kvitløk går glipp av. Den fyrste veka i april stakk spirene såvidt opp, […]

Stor spenning: 11 sortar graskar sådd. Koss vil dette gå?

Stor spenning: 11 sortar graskar sådd. Koss vil dette gå?

Det var sist sundag. «Meir!» forlangte Malene (3) etter at ho hadde sådd gulerøter mellom kvitløkspirene og broren Alvin (5) hadde sett mandelpoteter i eit lite bed. Alvin såg forventningsfullt på meg. Graskar. Klart me måtte så graskar.  Det var noko av det som fasinerte ungane mest i […]

Kule kål – knask for både små og store

Kule kål – knask for både små og store

Eg har gjort det igjen. Sådd meir enn eg har plass til. Bittesmå frø i seks bittesmå boksar i slutten av februar: Spisskål “Early Jersey Wakefield”, knutekål “Wiener Blue”, brokkoli, brokkolini, russisk grønkål “Ragged Jack” og afrikansk grønkål “Sukuma Wiki”. Nå fyller dei fleire bed….16 […]

Velkomen inn i mitt elskede drivhus!

Velkomen inn i mitt elskede drivhus!

Kva skulle eg ha gjort utan drivhuset mitt? Her alar eg opp alle grønsakene og sommarblomane. Når dei er planta ut i mai, overtek tomat, agurk, aubergine og chili plassen. Her overvintrar sitrontre, pelargoniar, blodbeger, blømande potettre og georgineknollar. Eg nikosar meg året rundt. Bli med […]

Desse grønsakene har eg sådd og planta til nå

Desse grønsakene har eg sådd og planta til nå

8 sortar poteter, 3 sortar setteløk og 40 ulike frøsådde sortar grønsaker, urter og bønner står nå i spirebrett, potter baljar og kassar på hyller, benker og golvet i drivhuset mitt. Eg gjorde nyss denne oppteljinga over kva eg har før eg skal bestemma meg […]

8 spørsmål og svar om å så grønsaker

8 spørsmål og svar om å så grønsaker

Kva tid det er lurt å så ulike frø er vel så viktig å vita som kordan du sår. Her får du svar på dei spørsmåla eg oftast får om såing pluss to viktige råd til slutt. Kva sår du i? Du treng ikkje kjøpa […]

10 grunnar til at eg må ha blomkarse

10 grunnar til at eg må ha blomkarse

Sommarblomen eg ikkje kan vera forutan er blomkarse. I 27 år på rad har oransje, gule og rødlege blomar og store, runde, knallgrøne blad lyst opp i sommarhagen. Kvart einaste år sidan den vakraste blomen av alle – dotter mi – var tre år.  Me […]