Merkelapp: permakultur

Velkomen til hagefest i februar!

Velkomen til hagefest i februar!

Kjære fylgjarar og lesarar! Tysdag den 5. februar blir boka “Margunns kjøkkenhage- Fersk mat året rundt” lansert. De er velkomne på lanseringsfest klokka 19 på Ostehuset på Domkirkeplassen i Stavanger sentrum, også kalla Møteplassen. Hadde vore stas å treffa mange av dykk! Her er god […]

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Går det an? Ja, viss du har masse organisk materiale og god kompost i bed og pallekarmar. Bare sjå på desse sommarblomane og georginene. Zinnia og solhatt (fremst) har blomstra non-stop sidan juni. Det same har dei låge solsikkene. Georginene kom for fullt i starten […]

Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?

Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?

I både små og store bed i Leikeplasshagen og i min eigen kjøkkenhage har eg dekka jorda slik at ho ikkje ligg bar. Her skal eg kort forklara dei viktigaste fordelane med det, før eg fortel kva eg dekker med og kor eg får tak […]

Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar

Denne kvitløken veks opp or gamle tomatplantar

Eg nyt synet: Irrgrøne kvitløkspirer opp or dørkarmkassen. Ikkje så vakre som påskeliljene kanskje, men for eit sterkt symbol på vår! Og så godt det smakar! Ei oppleving alle som kjøper ferdig kvitløk går glipp av. Den fyrste veka i april stakk spirene såvidt opp, […]

Utplanting! Ja! Bondebønnene på plass i bedet

Utplanting! Ja! Bondebønnene på plass i bedet

Dette har eg lengta etter! Utplanting! Fyrste vekst ut på Leikeplasshagen: Bondebønner. Ei sann glede å dyrka:  Sjå på dei flotte kvite røtene og dei sterke stilkane! Nå har me hatt over ti grader her i Stavanger sidan 10. april, og ikkje under 5 grader […]

Wow! 10 027 visningar!

Wow! 10 027 visningar!

GOD morgon! Sjøl om eg vakna til snødekka hage, er humøret på topp! Takka vera dykk som les bloggen min: 10 072 visningar viste sidestatistikken i dag morges klokka 07:56. Tusen takk! Var svært så spent då eg la ut første bloggutlegg for akkurat. Ligg ein […]

Hurra, eit lass med halm og skit!

Hurra, eit lass med halm og skit!

Perler og champagne er ikkje noko for meg, men gje meg eit lass med gammal møkk og halm, då blir eg lukkeleg! For det blir til god jord i kjøkkenhagen og mat til mange milliardar medarbeidarane som jobbar gratis for meg:  Meitemarkar og andre kryp […]