Merkelapp: odla

Slik  sår  Sofie  (9)  reddik

Slik sår Sofie (9) reddik

Nabojenta Sofie er min beste hjelpar i drivhuset og kjøkkenhagen. I går sådde ho reddik.  Sjå her: Ha mold i balje, og løys opp klumpane, med hendene (lurt å bruka hanskar). Vatna molda med lunka vatn. Bruk sil på vannekanna.  Molda skal bli fuktig, ikkje dassblaut. […]

Les meir
Wow!  10  027  visningar!

Wow! 10 027 visningar!

GOD morgon! Sjøl om eg vakna til snødekka hage, er humøret på topp! Takka vera dykk som les bloggen min: 10 072 visningar viste sidestatistikken i dag morges klokka 07:56. Tusen takk! Var svært så spent då eg la ut første bloggutlegg for akkurat. Ligg ein […]

Les meir
Eg  vil  ha  settepoteter  nå!  #potetopprøret

Eg vil ha settepoteter nå! #potetopprøret

Jordeple (poteter) er knallkjekt å dyrka, det er lettvint, lite arbeidskrevjande, du får stor avling på liten plass og jorda der du har dyrka knollane, blir luftig og god. Reine jordforbetraren! Nå skal eg kjefta: Det irriterer meg at det ikkje går an å få […]

Les meir
Hurra,  eit  lass  med  halm  og  skit!

Hurra, eit lass med halm og skit!

Perler og champagne er ikkje noko for meg, men gje meg eit lass med gammal møkk og halm, då blir eg lukkeleg! For det blir til god jord i kjøkkenhagen og mat til mange milliardar medarbeidarane som jobbar gratis for meg:  Meitemarkar og andre kryp […]

Les meir
Selleri,  sellera!

Selleri, sellera!

Sellerirot må eg bare ha.  Går mest ikkje an å laga ei god suppe utan. Mos av jordeple og sellerirot er godt og mettande. Ei form med omnsbakte rotgrønsaker med god olje og urter, er jo ein heil middag! Sellerirot sår eg ikkje rett ut i […]

Les meir
Nå  sår  eg  epler  av  gull

Nå sår eg epler av gull

Epler av gull (Pomodore) heiter tomat på italiensk. «Sungold» heiter sorten eg bare må ha kvart år. Ein kirsebærtomat med gylne oransjerøde frukter, med søt god smak. Så god at eg svært sjeldan klarer å få tomatene i hus. Dei blir enten etne opp i […]

Les meir
Vinnaren  av  vintergrønsakene

Vinnaren av vintergrønsakene

Luksus! Å  kunna plukka inn fersk rosenkål frå hagen frå november til uti mars. Her har dei stått i storm, hagl, sludd, snø og minusgrader. Dei har tolt alt. Har til og med blitt søtare av frosten! Har mest ikkje hjarta til å hausta dei […]

Les meir