Merkelapp: mais

Sjå koss det går i kjøkkenhagen

Sjå koss det går i kjøkkenhagen

Hastverk er lastverk med mais og graskar. Kål er konge i kulda. Best har det gått med dei eg planta ut i april, dårlegaste med dei eg planta i mai. Det er kortversjonen av svaret på spørsmålet om koss grønsakene eg planta ut i april […]

Kom mais, du skjønne….

Kom mais, du skjønne….

Å kunna eta ferske, søte, gule maiskolber frå eigen hage, er stor stas. Nå kan du så mais, men start innandørs. Gled deg til grasiøse, grastråaktige spirer med blanke perler… Maisen vil helst ha 20-30 grader for å spira. Eg putta 34 gule, tørre maiskorn […]

Kjøkkenhage med barn: Kom, sjå og lær!

Kjøkkenhage med barn: Kom, sjå og lær!

Småbarnsforeldre? Ikkje tid til kjøkkenhage? Ta ungane med! Potla i jorda, så, planta, hausta, laga mat er supert å gjera i lag med barna. Her får du tips til kva som er gøy å dyrka i lag med barn og som er lett å få […]

Dette skal eg dyrka i 2019

Dette skal eg dyrka i 2019

Bestiller du også frø i januar? Her røpar eg kva eg skal dyrka i 2019. Eg viser deg både den lange og den korte frølista mi og tek deg med på planlegginga av koss kjøkkenhagen skal bli i 2019. Det er nemleg lurt å ha […]

Margunns kjøkkenhage feirar halvtårs-jubileum med eplerekord

Margunns kjøkkenhage feirar halvtårs-jubileum med eplerekord

Snart 100 000 visningar, så kjekt! I dag er det seks månadar sidan eg starta denne bloggen. Her kan du sjå kva som har vore dei tre mest populære innlegga kvar månad. “Jubileet” skal feirast med “Penne della Casa mia med rød og gul saus” […]

Maisfest i Leikeplasshagen

Maisfest i Leikeplasshagen

Kva tid kan me eta maisen? Heile sommaren har ungane i gata venta. Maisplantene var jo så høge, og kolbene såg store og tjukke ut!  Frå i fjor visste dei kor uhorveleg godt det smaka med nyhausta, nykokte maiskolber, dryppande av smør… “Me må venta […]

Sjå flotte fotos frå hagen i august

Sjå flotte fotos frå hagen i august

For ei overflod av grønsaker, frukt og blomar! Eg kjenner meg både rik og overvelda. Her får du sjå fotos frå kjøkkenhagen, Leikeplasshagen og drivhuset denne månaden. Alle er tekne av fotograf Jan Inge Haga. Som du ser, har det grodd godt i grønsaksbedet framføre […]

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Går det an? Ja, viss du har masse organisk materiale og god kompost i bed og pallekarmar. Bare sjå på desse sommarblomane og georginene. Zinnia og solhatt (fremst) har blomstra non-stop sidan juni. Det same har dei låge solsikkene. Georginene kom for fullt i starten […]

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Nyplukka, nykokte maiskolber var det ungane likte aller best å eta frå Leikeplasshagen i fjor. Sjølvsagt måtte me ha mais også i år. Lettare å få til enn du trur, den  største utfordringa er vinden… Eg har nett vore ute og støtta opp maisplantene med staudestøtter. […]

Stor spenning: 11 sortar graskar sådd. Koss vil dette gå?

Stor spenning: 11 sortar graskar sådd. Koss vil dette gå?

Det var sist sundag. «Meir!» forlangte Malene (3) etter at ho hadde sådd gulerøter mellom kvitløkspirene og broren Alvin (5) hadde sett mandelpoteter i eit lite bed. Alvin såg forventningsfullt på meg. Graskar. Klart me måtte så graskar.  Det var noko av det som fasinerte ungane mest i […]