Merkelapp: kompost

For ein herleg møkkadag!

For ein herleg møkkadag!

“At det går an å bli så lukkeleg av nokre sekker med møkk”, sa mannen min. Eg var heilt overstadig. Me hadde henta sekkevis med gammal hestemøkk frå ei gild dame som har både hestar og høner. Kanonbra til å spreia ut som eit topplag […]

Lag di eiga superjord!

Lag di eiga superjord!

Alle som har dyrka  ein del, veit at det er kvaliteten på jorda som er nøkkelen til suksess. Sjekk jorda i denne kassen! Svart og porøs. Laga av? Avfall. Fyrst fylte eg kassen mest heilt opp med det eg reinska ut or drivhuset oktober 2017: […]

5 grunnar til at du bør samla lauv

5 grunnar til at du bør samla lauv

Hurra! Nå har eg samla lassevis med  lauv. Eg vil på det sterkaste tilrå deg å gjera det same.  Du kan rett og slett ikkje la lauvet bli liggjande utan å ta det i bruk, så bra som det er for kjøkkenhagen. Lauv blir til god […]

Slik gjer du pallekarmane klare til neste sesong

Slik gjer du pallekarmane klare til neste sesong

Har du lyst til å gå i gang med kjøkkenhage? Kanskje ein pallekarm eller to, bare? Då er dette ei super tid å starta på! Ikkje med å så og planta, nei, men med å laga næringsrik, levande, god jord. For det er nå det […]

Margunns kjøkkenhage feirar halvtårs-jubileum med eplerekord

Margunns kjøkkenhage feirar halvtårs-jubileum med eplerekord

Snart 100 000 visningar, så kjekt! I dag er det seks månadar sidan eg starta denne bloggen. Her kan du sjå kva som har vore dei tre mest populære innlegga kvar månad. “Jubileet” skal feirast med “Penne della Casa mia med rød og gul saus” […]

Slik får du 2 avlingar i ein dobbel pallekarm pluss 4 ekstra trillebårlass jord

Slik får du 2 avlingar i ein dobbel pallekarm pluss 4 ekstra trillebårlass jord

Pallekarmane mine produserer ikkje bare mat, dei produserer også supergod jord. Jepp! Sjå her, så skal eg visa deg trinn for trinn med fotos. Men fyrst må me rykka tilbake til august i fjor: Utgangspunkt: Ein dobbel pallekarm. I august 2017 fylte eg denne meir […]

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Går det an? Ja, viss du har masse organisk materiale og god kompost i bed og pallekarmar. Bare sjå på desse sommarblomane og georginene. Zinnia og solhatt (fremst) har blomstra non-stop sidan juni. Det same har dei låge solsikkene. Georginene kom for fullt i starten […]

Gode, gamle, gullgjæve georginer!

Gode, gamle, gullgjæve georginer!

Knallrøde, mørkerøde, rosa – georginene er det blømande blikkfanget i Leikeplasshagen saman med sommarblomane. Rett nok er eg nyforelska i Zinnia og solhatt, men min årelange kjærleik til georginene har ikkje rusta. Eg likar nemleg masse fargar og sterke fargar. Og frodig må det vera.  […]

Sjå herlege bilete frå høgdepunkt i juli!

Sjå herlege bilete frå høgdepunkt i juli!

Juli er full av høgdepunkt i kjøkkenhagen: Opptak av poteter, løk, kvitløk, spisskål, plukking av bær, bondebønner, squash, massevis av fargeglade sommarblomar. La meg visa deg flotte bilete fotograf Jan Inge Haga tok då Håvard (11), Mina (13) og Maja (15) var med i kjøkkenhagen. […]

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Nyplukka, nykokte maiskolber var det ungane likte aller best å eta frå Leikeplasshagen i fjor. Sjølvsagt måtte me ha mais også i år. Lettare å få til enn du trur, den  største utfordringa er vinden… Eg har nett vore ute og støtta opp maisplantene med staudestøtter. […]