Merkelapp: jorddekke

Det aller beste!

Det aller beste!

Sånn! Nå har også dei to kjøkkenhagebeda i min hage fått eit toppdekke av møkk. Aller beste sort: “Sauapertar”. Tørre, små, runde kuler frå sauer som går på heiabeite heile sommarhalvåret. Sauene til bror min. Han hadde med seg fem halvfulle sekker til meg som […]

Hurra, her kjem Kalle med kuskit og halmtalle

Hurra, her kjem Kalle med kuskit og halmtalle

Åhhh, så godt  det gjer å koma seg ut i hagen og styra på sjølv om det er vått og grått! Topp dag blei det, for byens gildaste bonde kom med ny forsyning frå fjøset… Og det kan eg bruka til så mangt! I februar […]

For ein herleg møkkadag!

For ein herleg møkkadag!

“At det går an å bli så lukkeleg av nokre sekker med møkk”, sa mannen min. Eg var heilt overstadig. Me hadde henta sekkevis med gammal hestemøkk frå ei gild dame som har både hestar og høner. Kanonbra til å spreia ut som eit topplag […]

Margunns kjøkkenhage feirar halvtårs-jubileum med eplerekord

Margunns kjøkkenhage feirar halvtårs-jubileum med eplerekord

Snart 100 000 visningar, så kjekt! I dag er det seks månadar sidan eg starta denne bloggen. Her kan du sjå kva som har vore dei tre mest populære innlegga kvar månad. “Jubileet” skal feirast med “Penne della Casa mia med rød og gul saus” […]

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Frodige planter, masse grønsaker og rik bløming utan vanleg gjødsel

Går det an? Ja, viss du har masse organisk materiale og god kompost i bed og pallekarmar. Bare sjå på desse sommarblomane og georginene. Zinnia og solhatt (fremst) har blomstra non-stop sidan juni. Det same har dei låge solsikkene. Georginene kom for fullt i starten […]

Sjå herlege bilete frå høgdepunkt i juli!

Sjå herlege bilete frå høgdepunkt i juli!

Juli er full av høgdepunkt i kjøkkenhagen: Opptak av poteter, løk, kvitløk, spisskål, plukking av bær, bondebønner, squash, massevis av fargeglade sommarblomar. La meg visa deg flotte bilete fotograf Jan Inge Haga tok då Håvard (11), Mina (13) og Maja (15) var med i kjøkkenhagen. […]

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Slik dyrkar me mais i Leikeplasshagen

Nyplukka, nykokte maiskolber var det ungane likte aller best å eta frå Leikeplasshagen i fjor. Sjølvsagt måtte me ha mais også i år. Lettare å få til enn du trur, den  største utfordringa er vinden… Eg har nett vore ute og støtta opp maisplantene med staudestøtter. […]

Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?

Kva dekker du jorda med, og kor får du tak i det?

I både små og store bed i Leikeplasshagen og i min eigen kjøkkenhage har eg dekka jorda slik at ho ikkje ligg bar. Her skal eg kort forklara dei viktigaste fordelane med det, før eg fortel kva eg dekker med og kor eg får tak […]

Slik slepp du å vatna og luka

Slik slepp du å vatna og luka

Mest ikkje til å tru: Me har bare hatt skikkeleg regn ein dag i heile mai.  Steikande sol dag etter dag og temperaturar over 20 grader. Likevel veks grønsakene som bare det utan at eg har måtta vatna skikkeleg meir enn ein gong. Og dei […]

Kule kål – knask for både små og store

Kule kål – knask for både små og store

Eg har gjort det igjen. Sådd meir enn eg har plass til. Bittesmå frø i seks bittesmå boksar i slutten av februar: Spisskål “Early Jersey Wakefield”, knutekål “Wiener Blue”, brokkoli, brokkolini, russisk grønkål “Ragged Jack” og afrikansk grønkål “Sukuma Wiki”. Nå fyller dei fleire bed….16 […]