Merkelapp: frø

Desse grønsakene har eg sådd og planta til nå

Desse grønsakene har eg sådd og planta til nå

8 sortar poteter, 3 sortar setteløk og 40 ulike frøsådde sortar grønsaker, urter og bønner står nå i spirebrett, potter baljar og kassar på hyller, benker og golvet i drivhuset mitt. Eg gjorde nyss denne oppteljinga over kva eg har før eg skal bestemma meg […]

Snadder frukostblanding

Snadder frukostblanding

Eg har ikkje smoothie til frukost kvar dag! Får eg lyst på noko å knaska på, lagar eg denne frukostblandinga. Er god å ha klar, også når eg treng eit  kjapt mellommåltid. Set omnen på 160 grader (varmluft) 1)Kok opp det våte: 2 ss honning […]

8 spørsmål og svar om å så grønsaker

8 spørsmål og svar om å så grønsaker

Kva tid det er lurt å så ulike frø er vel så viktig å vita som kordan du sår. Her får du svar på dei spørsmåla eg oftast får om såing pluss to viktige råd til slutt. Kva sår du i? Du treng ikkje kjøpa […]

10 grunnar til at eg må ha blomkarse

10 grunnar til at eg må ha blomkarse

Sommarblomen eg ikkje kan vera forutan er blomkarse. I 27 år på rad har oransje, gule og rødlege blomar og store, runde, knallgrøne blad lyst opp i sommarhagen. Kvart einaste år sidan den vakraste blomen av alle – dotter mi – var tre år.  Me […]

3 urter som eg sår i mars

3 urter som eg sår i mars

PERSILLE I år går eg for bladpersille “Gigante D Italia”.  Mitt første år med kjøkkenhage sådde eg kruspersille i ein stor sinkbalje. Det gjekk fint. Utpå sommaren blei det trangt i baljen. Då tok eg ut ein liten rotklump om gongen, og planta dei ut […]

Bodils gode, lettvinte brød

Bodils gode, lettvinte brød

Ah, det luktar så godt! Har prøvd mange gonger å baka brød, men fekk det aldri heilt til. Men så skjedde det store! På besøk hos bror min på Ualand fekk eg servert eit fantastisk godt brød. Det var den driftige Bodil Heskestad som hadde […]

Selleri, sellera!

Selleri, sellera!

Sellerirot må eg bare ha.  Går mest ikkje an å laga ei god suppe utan. Mos av jordeple og sellerirot er godt og mettande. Ei form med omnsbakte rotgrønsaker med god olje og urter, er jo ein heil middag! Sellerirot sår eg ikkje rett ut i […]

Nå sår eg epler av gull

Nå sår eg epler av gull

Epler av gull (Pomodore) heiter tomat på italiensk. “Sungold” heiter sorten eg bare må ha kvart år. Ein kirsebærtomat med gylne oransjerøde frukter, med søt god smak. Så god at eg svært sjeldan klarer å få tomatene i hus. Dei blir enten etne opp i […]

Graskar i mars?  Ja visst!

Graskar i mars? Ja visst!

Graskar nå?  Mest eit halvt år etter Halloween? Ja! Graskar kan nemleg lagrast i månadsvis og er derfor ein super grønsak å dyrka for oss som prøver å bli mest mogeleg sjølberga året rundt. Ikkje tek dei opp plass i kjøleskapet heller. Dei likar seg […]

Chili og aubergin sår eg aller først

Chili og aubergin sår eg aller først

Chili er ei skilpadde, agurk ein hare. Altså: Chili treng laaang tid på å gro frå frø til plante som ber frukt. Også aubergine er ei sinke. Agurk, derimot, er ein racar. Derfor sår eg chili og aubergine inne i januar/februar, men ventar med agurk til […]