Merkelapp: drivhus

Mitt drivhus er fylt med….

Mitt drivhus er fylt med….

Ååh, men eg er glad for at eg har drivhus! Her alar eg opp alle grønsaker og sommarblomar som veks i kjøkkenhagen. Frå april til oktober er det fullt. Men aldri så stappa som i fyrste del av mai. Her skal du  få sjå kva […]

Ikkje skjem bort kålungane

Ikkje skjem bort kålungane

Misunneleg på oss som har drivhus?  Sjå på desse spisskålplantene. Dei har stått ute i ein isoporkasse den siste veka, og er mykje kraftigare og finare enn dei eg har i drivhuset. Der blir det nemleg varmt når sola skin. Dermed veks kålungane for fort, […]

Mars: Nå er eg i gong med å så!

Mars: Nå er eg i gong med å så!

Straks mars kjem, finn eg fram frø og såkassar.  Inne sår eg nå eg nå dei grønsakene eg skal planta ut på friland i starten av mai, pluss tomatar. Kva tid du kan starta, kjem sjølvsagt an på kor du bur og kva tid faren […]

Drivhuset: Heilt fritt for sjukdom og lus i år

Drivhuset: Heilt fritt for sjukdom og lus i år

Har ikkje hatt lus på ein einaste chiliplante eller gråskimmel på eit einaste tomatblad, konstaterer eg nøgd mens eg haustar inn chili, paprika, agurk og tomat. Snart på tide å rydda ut or drivhuset, ikkje  mange fruktene att på plantene nå. Tomatane har eg skrive […]

Desse tomatane mogna fyrst

Desse tomatane mogna fyrst

Nye sortar mognar mest kvar dag i drivhuset nå. Eg blei faktisk overraska over at ein av bifftomatane blei mogne om lag samstundes med dei små potte- og ampeltomatane. Her er dei ni raskaste i denne rekkefylgja: 1. Pottetomat Vilma: 2. Ampeltomat “100’s  1000’s” som […]

Derfor gledar eg meg mest til den 18. mai

Derfor gledar eg meg mest til den 18. mai

Eg gledar meg meir til den 18. mai enn til den 17. mai. Kvifor? Då ser det ut til at dei kalde nettene er over. Eg vil at nattetemperaturen ikkje skal gå under ti grader før eg plantar ut resten. Nå er det temmeleg fullt […]

Alle mine tomatplantar

Alle mine tomatplantar

Som eg kosar meg i drivhuset! Her luktar så godt, og alle hyller og benker er fulle. Her skal du få sjå koss det har gått med dei 16 sortane tomat som eg sådde i slutten av februar. Dei veks som bare det etter at […]

Snart klar til å så!

Snart klar til å så!

Juhu, nå går februar mot slutten, snart kan eg så! 1. mars er datoen eg pleier å så storparten av avling nummer 1: Grønsakene eg skal planta ut i starten av mai. Men før festen kan ta til, må eg jo vaska drivhuset! Eg brukar […]

Sjå flotte fotos frå hagen i august

Sjå flotte fotos frå hagen i august

For ei overflod av grønsaker, frukt og blomar! Eg kjenner meg både rik og overvelda. Her får du sjå fotos frå kjøkkenhagen, Leikeplasshagen og drivhuset denne månaden. Alle er tekne av fotograf Jan Inge Haga. Som du ser, har det grodd godt i grønsaksbedet framføre […]

Gullmedalje til tomat “Sungold”

Gullmedalje til tomat “Sungold”

Koss går det med tomatene? Den fyrste som mogna, var den gylne kirsebærtomaten “Sungold”. Smaken er bare vidunderleg! Det er faktisk ein prestasjon å ta bilete av denne, for straks dei blir mogne, må eg bare putta dei i munnen! Neste tomat ut, var plommetomaten […]