Margunn Ueland heiter eg. Eg er bloggar, forfattar, foredragshaldar og helsecoach. Eg har vore hageentusiast i 30 år og var journalist i Aftenbladet frå 1980-2018. Denne bloggen starta eg i mars 2018.
Inspirasjon og nyttige tips
Å dyrka fram grønsaker, bær, frukt og blomar er det gildaste eg veit. Utruleg kor mykje mat det går an å dyrka på liten plass, og det mest året rundt. Og så godt det smakar! Denne gleda har eg lyst å dela. Eg skal gje dykk mine beste tips og visa koss eg gjer det.

Matoppskrifter
Kva brukar du all grønkålen til? Kva gjer du med alle rødbetene? Kva rettar kan du laga av graskar? spør folk. Her får du gode råd og oppskriftene mine på supper, gryterettar, lasagne, bakverk, juice, smoothiar, fermentert kål osv.
Helsecoaching
Eg er utdanna som helsecoach ved Institute for Integrative Nutrition, verdas største ernæringsskole og sertifiseringsprogram (nettstudium) for helsecoachar. Denne kunnskapen brukar eg både i bloggskriving og på kurs og foredrag. Eg tilbyr også coaching for einskildpersonar. Som helsecoach hjelper eg folk til å nå måla dei set seg om betre helse og trivsel.
Boka mi
Eg har skreve boka “Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt” som kom ut på Jæren forlag i februar 2019. Fotograf Jan Inge Haga har teke dei fleste bileta i boka.
Instagram og Facebook
Om lag 6000 fylgjer meg @margunnskjokkenhage på Instagram. Du er velkomen som fylgjar.
Eg set også pris på om du vil fylgja meg på Facebooksida Margunns kjøkkenhage.
Kurs og foredrag
Eg held også foredrag og arrangerer kurs om koss du får til kjøkkenhage og om koss du får betre helse og meir energi gjennom å leggja om kosthaldet.
Samarbeid
Driv du innan bransjar som har med hage-dyrking- mat-helse-media&forlag å gjera, og ser at me kan ha nytte av kvarandre sitt samarbeid (sponsing, annonser, kommunikasjon/informasjon/
Tlf: 99 26 11 58