Brød & Kaker

Kokos- og valnøttruter med sjokolade

Kokos- og valnøttruter med sjokolade

Desse smakar meir som konfekt enn tørre julekaker og inneheld bare sunne ingrediensar. Attpåtil går det fort å laga dei. Ingen uttrilling, kjevling eller steiking. Mest for godt til å vera sant? Her er oppskrifta: DETTE TRENG DU: Til nøttebotnen:  2,5 dl valnøtter (har du […]

Nøttebrød med sunt sjokoladepålegg

Nøttebrød med sunt sjokoladepålegg

Her får du oppskrift på to næringstette brød utan gluten og kveitemjøl pluss oppskrift på proteinrikt sjokoladepålegg utan sukker. Et du to skiver slikt brød med dette pålegget, held du deg mett minst dobbelt så lenge som om du et vanleg kneippbrød med syltetøy. Sjokoladepålegget […]

Pannekaker med graskarpuré

Pannekaker med graskarpuré

Vil du servera gode pannekaker/lappar til sundagsfrukosten, bruk ein halvtime i dag på å laga graskarpuré.  Desse pannekakene er gode på smak og er laga av ingrediensar som er bra for deg. Av eitt mammutgraskar fekk eg vel fire liter puré som eg kan bruka […]

Gylne graskarmuffins

Gylne graskarmuffins

Nei, dei ser ikkje særleg skumle ut, desse muffinsane. Dei er snille og gode! Så gode at til og med eg likte dei! Eg er nemleg ikkje særleg glad i kakemat. Men desse bare måtte eg ha både ein og to og tre av til kvar […]

Turids eplekake

Turids eplekake

Eg trur eg har blitt avhengig av eplekaker….Dette er ei klassisk, saftig og god eplekake som er like god neste dag som fersk frå bakeomnen. Fort å laga er ho også. Oppskrifta fekk eg av min gode ven og nabo Marte Bøe, som hadde denne […]

Rabarbra&eple-pai

Rabarbra&eple-pai

Steingod dessert!  Rabarbra og epler er jo ein nydeleg kombinasjon! Det var meininga eg skulle laga ei eplekake, men så fall blikket mitt på rabarbraplantene. Aha! Dei sto jo klare med nye, lange, tjukke stilkar! Og mannen min hadde lyst på noko godt etter middagen. […]

Knallgod eplekake med vaniljekrem

Knallgod eplekake med vaniljekrem

Dette er søndagseplekaka over alle eplekaker. Av dei tre eplekakene eg har laga sist sundag, likte barnebarn, bonusdotter, svigerson og mannen min denne aller best.  Og denne var den lettaste og raskaste å laga!  Oppskrifta får du her. Takka vera ei eldre svensk dame: “Appelkaka a […]

Margunns epleform til både fest og frukost!

Margunns epleform til både fest og frukost!

Uhyggeleg kor mykje sukker, smør og kveitemjøl det er i dei fleste eplekakeoppskriftene! Her har eg klekka ut ein sunn vri på eplekake. Inneheld korkje, sukker, smør eller kveitemjøl, bare helsebringande ingrediensar!  Så sunn at du kan eta denne til frukost i staden for havregraut. […]

Når du har masse squash -del 2: Bak endå fleire (og sunnare) kaker!

Når du har masse squash -del 2: Bak endå fleire (og sunnare) kaker!

Gul squash, lysegrøn stripete, mørkegrøn squash – “Goldy”, “Tapir”, “Black Beauty” leverer i lange banar.  Eg pønskar ut nye oppskrifter på squashbrød/formkaker. I den fyrste oppskrifta eg delte her, Formkake med sommarsquash, var der kveitemjøl og egg. Her om dagen ringte ei kjær veninne og […]

Når du har masse squash-1: Bak kake!

Når du har masse squash-1: Bak kake!

Har du ein squashplante eller to, står du sikkert med famnen full av squash som du ikkje heilt veit kva du skal gjera av. Utruleg produktive planter! Lekraste er dei jo som små med blom på – men det blir garantert alltid nokre mellomstore og […]