Hagetips

Hurra,  her  kjem  Kalle  med  kuskit  og  halmtalle

Hurra, her kjem Kalle med kuskit og halmtalle

Åhhh, så godt  det gjer å koma seg ut i hagen og styra på sjølv om det er vått og grått! Topp dag blei det, for byens gildaste bonde kom med ny forsyning frå fjøset… Og det kan eg bruka til så mangt! I februar […]

Her  får  epletreet  vårstussen

Her får epletreet vårstussen

Lange tynne «pisker» strittar rett til vêrs i toppen av epletreet og på fleire av greinene. Dei må vekk!  Eg pleier alltid å beskjera frukttrea i slutten av februar. Då er vanlegvis den hardaste frosten over (sjølv om ein kan aldri vita), samstundes som det […]

For  ein  herleg  møkkadag!

For ein herleg møkkadag!

«At det går an å bli så lukkeleg av nokre sekker med møkk», sa mannen min. Eg var heilt overstadig. Me hadde henta sekkevis med gammal hestemøkk frå ei gild dame som har både hestar og høner. Kanonbra til å spreia ut som eit topplag […]

Takk,  kjære  far!

Takk, kjære far!

For ein herleg dag me hadde i Stavanger i går! Gradestokken viste ti grader, og sola skein. Eg sprang ut, og dei fyrste  lilla krokusane smilte mot meg frå plenen. Men det som gleda meg endå meir, var klosterklokkene som lyste kvitt rundt om i […]

Lag  di  eiga  superjord!

Lag di eiga superjord!

Alle som har dyrka  ein del, veit at det er kvaliteten på jorda som er nøkkelen til suksess. Sjekk jorda i denne kassen! Svart og porøs. Laga av? Avfall. Fyrst fylte eg kassen mest heilt opp med det eg reinska ut or drivhuset oktober 2017: […]

Lyst  på  kjøkkenhage?  Kom  og  bli  inspirert!

Lyst på kjøkkenhage? Kom og bli inspirert!

Dette blir gøy! Eg har takka ja til å halda 17 kjøkkenhageforedrag i vår.  I tillegg skal eg delta på bokbad og to arrangement for barn.  Her får du oversikten slik at du kan sjå om du har lyst til å koma. Eg delte oversikten […]

Grønt  i  februar  –  årets  beste  vintergrønsaker

Grønt i februar – årets beste vintergrønsaker

Er det ikkje fantastisk at me kan dyrka grønsaker som greier seg ute om vinteren? Som står friske og grøne sjølv etter stiv kuling, hagl, sludd, snø og minusgrader. Minus 5-6 er det kaldaste me har hatt hittil i år her i Stavanger. Her skal […]

«Margunns  kjøkkenhage»  til  sals  i  heile  landet

«Margunns kjøkkenhage» til sals i heile landet

Minner om at  den 5. februar blir boka «Margunns kjøkkenhage – Fersk mat året rundt» lansert på Ostehuset på Domkirkeplassen i Stavanger sentrum klokka 19. Det ligg an å til å bli fullt hus! Kan tru eg gledar meg til å treffa så mange gilde […]

Ikkje  lurt  å  så  for  tidleg,  lær  av  bommertane  mine

Ikkje lurt å så for tidleg, lær av bommertane mine

«Har du begynt å så?» spurde ho med glød i augene. Nei, måtte eg medgje, i år har eg bestemt meg for å ha is i magen og venta. For tek eg fyrst fram såposane, blir eg fort freista til å ikkje så bare litt, […]

Glutenfrie  frukostbrød  med  sukkerfritt  syltetøy

Glutenfrie frukostbrød med sukkerfritt syltetøy

Lyse «Hattings» speltrundstykke med marmelade. Ikkje akkurat det luraste å eta til frukost. Særleg ikkje om du slit med betent tarm og kropp.  Då gjeld det å unngå sukker og gluten. Ok, han forsto det. Men er der gluten i spelt? Ja. Gluten fins i kveite, […]