Gjer hagen klar for vinteren

Gjer hagen klar for vinteren

Nå kan du leggja grunnen for ein god kjøkkenhagesesong til neste år.  Dekk bed og fyll karmar og kompostbingar med hageavfall og lauv og tang og tare.  Dette er den viktigaste jobben eg gjer i oktober og november.  Dette er også tida for å setja kvitløk og vårblømande blomeløk som tulipanar og påskeliljer. Her er lista mi over det som eg vil ha gjort før det blir for mørkt, vått og kaldt.

Det som var avfall i vår og sommar kan eg nå fordela ut i bed og pallekarmar. For nå skal bingen fyllast opp etter kvart som eg haustar inn og ryddar opp i kjøkkenhage, staudebed og drivhus.
  1. Luk.
  2. Spa ut kompostjord av kompostbingane. Mesteparten fordeler eg på toppen av pallekarmar og bed som treng påfyll, noko sparer eg i sekker til våren og noko går til krukker kor eg skal setja vårblømande løk som tulipanar.
  3. Ta inn grønsakene som ikkje toler frost. Graskara må i hus før det blir for kaldt, det inneheld masse vatn, og blir øydelagde om dei ligg ute for lenge. Ikkje legg dei ein kjøleg stad. Dei skal liggja tørt og varmt i nokre veker, slik at dei blir mogne og skalet hardt.

    Dei siste graskara og epla har me hausta inn. Dei grå er “Crown Prince”, dei oransje “Uchiki Kuri”. Eple: “Rød Aroma”. Squashplantene (bak) tok eg opp for eit par dagar sidan. Her skal eg setja tulipanløk.
  4. Grønsaker som kan stå ute ved fleire minusgrader er grønkål, svartkål, rosenkål, rødkål, purre, pastinakk, jordskokk.  Vintergulerøter toler også litt kulde, det same gjer rødbeter, sellerirot og kålrot, i alle fall om jorda er dekka med f.eks lauv.

    Haustar inn ein god del rødbeter (kokar supper og juicar), men kjem til å la mange bli ståande utover hausten og vinteren. Pleier ikkje å bli mange kuldegrader her sørvest.
  5. Sjå til at rosenkål, palmekål og grønkål står stødig. Dei er litt topptunge på denne tida. Trø jorda godt til rundt stenglane, legg gjerne rundt ein haug med kompost og tang. Staudestøtter av metall brukar eg også der det trengs.
  6. Jordskokken blømer fint ennå, så eg  ventar med å kutta ned stenglane. Men etter ein hauststorm eller to bles dei som oftast ned, og då ser det så ruskje ut, at eg tek eg fram sigden.  Sjølve jordknollane skal få liggja i jorda til seinvinteren/våren.
  7. Ta frø av solsikker, ringblomar og blomkarse. Tørk dei inne før du legg dei i posar eller små glas som du merkar.
  8. Rydd tomat-, agurk, chili- og paprikaplantene ut or drivhuset. Dei fleste har eg putta oppi i ein dobbel pallekarm. Oppkappa planter nederst, den gamle jorda på toppen. Dei siste tomatplantene ligg i kompostbingen, – den gamle jorda har eg tømt i ein diger balje som står i drivhuset. Planen er å blanda den gamle jorda med Bokashi slik at eg får god jord til nye tomatplantar til våren. Eg har plantene i kassar og potter – så derfor må dei vaskast og stablast vekk.
  9. Ta opp georginer i krukker og bed. Toler ikkje frost. Kapp av bladverket, la det stå att  ti cm av stilkane. Grav opp knollane, ta av mesteparten av molda, vask dei gjerne. Legg dei så til tørking i sol eller innandørs – legg dei i kassar med avispapir i botnen. Når dei er  tørre, lagra dei i kjellar eller ein frostfri og kjøleg plass til neste vår.
  10. Kapp ned avblomstra stauder og ha dei i kompostsbingen. Eg let nokre stå att, for at det ikkje skal bli så tomt og nake i bedet. Men eg likar å fjerna mesteparten nå, for det er gildare å sysla med dette i haustsola mens blada er tørre, enn å gjera det om våren når blada er halvrotna. Dessutan er det så mykje anna som skal skje om våren. Og her i milde Stavanger er det greit å fjerna det som kan vera gøymestader for sneglar. Dessutan får eg kompost til våren!
  11. KAST DEI GAMLE PLANTENE/AVFALLET frå kjøkkenhage, staudebed, potter og krukker og drivhus i KOMPOSTEN ELLER FYLL OPP I NYE/TOME PALLEKARMAR:  Eg kappar avfallet opp med ein sigd og legg det lagvis med grov kompost som er full av makk, bakteriar og soppsporer, då går komposteringa raskare. Eg prøver også å leggja grønt avfall lagvis med brunt (f.eks lauv).  Til våren har det blitt til grov kompost.

    Kompostbingen er snart full att. Tenk så mange trillebårer med kompost det blir til våren!
  12. DEKK ALLE BED OG KARMAR med  enten grov kompost, grasklypp, lauv eller tang og tare. Eller om du får tak i: Gamal hestemøkk og sauemøkk. Det er både bra for plantene som står att i beda og for livet i jorda (makkar, bakteriar, soppsporer osv). Til våren er mesteparten blitt omdanna til super jord.

    Svartkålen og dei andre grønsaksplantene – (sellerirot og jordskokk til høgre) som er att i beda blir veldig nøgde om dei får eit dekke av tang og tare. Det gjer også jordlivet. Litt tomt mellom plantene nå – har teke opp dei røde georginene som fylte plassen mellom dei mørkegrøne svartkålen. Til venstre ser du grønkål og rosenkål. I den eine pallekarmen kan du sjå bladbete, i den til høgre sådde eg spinat etter at eg hausta selleristang i august.
  13. Flytt pelargoniane inn i drivhus og vinterhage. Plukk vekk visne blomar og stygge blad. Sjekk for utøy.
  14. Plant vårblømande løk, det vil seia, setja løk av påskeliljer, prydløk (Allium) og tulipanar.
  15. Flytt pottene med Middelhavskrydderurter vekk frå pøsregn og inntil husveggen/under takskjegg. Kjem det ein langvarig kuldeperiode, tek eg dei inn i drivhuset.
  16. Plant kvitløk, det vil seia: Setja fedd.
  17. Vask potter og reidskap, flytt dei inn i garasje/reidskapsbod.
I dette bedet har blomkarsen teke heilt av og fylt den ledige plassen etter kvart som eg har hausta inn. Bladbeter med fargesterke stilkar, svartkål og rødbeter (bak svartkålen) skal få stå ute i vinter. Drivhuset er tømt for tomatplanter og pelargoniane har flytta inn.

Daglege oppdateringar frå hagen min får du på på Instagram @margunnskjokkenhage og på Facebooksida Margunns kjøkkenhage. Du er hjarteleg velkomen til å fyljgja meg der:):)

Ennå blømer blomkarse, sommarsolhatt og nokre solsikker. Grønkål, rosenkål, svartkål, rosenkål og fleirårig bladkål ser du også på dette biletet. Dei fleste beda er dekka med tang og tare, det bakerste med grasklypp, og pallekarmane med grov kompost. Bak ved granhekken ragar jordskokkplantene høgt til vers.

 



6 kommentarar om “Gjer hagen klar for vinteren”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: