Omvisning i septemberhagen

Omvisning i septemberhagen

Her skal du få sjå kva eg haustar inn frå hagen i september, og kva som skal få stå utover hausten og vinteren. Eg gir tips om hausting, sortar, planting og om koss du kan utnytta plassen i hagen slik at du får fram mykje mat på liten plass året rundt.

Eg trur september må vera favorittmånaden min, for nå har kjøkkenhagen verkeleg mykje godt å by på. Dessutan set eg ekstra pris på både fargar, former, smakar og solstråler, for me veit jo så vel at det går mot mørkare tider.

Eg håpar du vil gleda det over bileta, – deg gjer eg! Eg fekk dei tilsendt av Alice Eisele som var på kurs i kjøkkenhagen min fyrste veka av september, og nå fekk eg lyst å visa dei til dykk også!

MAIS:

Graskar “Uchiki Kuri” mellom maisplanter og solsikker.

Den 20. mai planta eg ut 21 maisplanter,  5 “Uchiki Kuri”-graskar og 6 låge solsikker (“Sunspot”) i eit bed på ci 5×2 meter. 2 maisplanter knakk i vinden som unge, men på dei 19 som var att kom det to til fire kolber pr. plante. Når er kolbene klare? Når dei er store og tjukke og fyller godt ut inni dei grøne blada dei er pakka inn i, når dusken i tuppen er tørr og brun/svart, og når maiskorna på kolbene er gule.

Mange kolber var store og flotte og fulle av korn, på andre var der tome flekkar mellom korna. Dei minste kolbene på sideskota var der ikkje noko særleg på.

Nyhausta mais smakar utruleg søtt og godt. Jo lenger du lagrar kolbene, jo meir svekkar du smaken. Aller helst bør du setja på ei diger gryte med vatn før du går ut og haustar!

SOLSIKKER:

Dei eg planta i mai har blomstra av. Dei største hovuda tek eg inn og tørkar, gir nokre til fuglane og sparer frø til neste vår. Solsikkene som nå blømer, dukka meir eller mindre opp av seg sjøl etter kvart som eg hausta blomkål, brokkoli og kål. Eg hadde nemleg strødd ut solsikkefrø histen og pisten sist haust.

GRASKAR:

Favorittgraskaret mitt er “Uchiki Kuri”, fordi det får fleire små, løkforma frukter pr. plante som rekk å bli mogne i tide. Betre med mange små mogne, enn få store som ikkje blir klare. Dessutan er smaken veldig god, og det små graskar er meir passeleg til eit måltid enn eit gedigent. Og det går an å skjera dei opp med kjøkkenkniv, må jo omtrent ha motorsag for å få delt dei svære.

Graskarplantene skyt ut lange rankar, det var ikkje meininga dei skulle “halda seg” i maisbedet. Planen var at dei skulle få krypa avgarde på stiane rundt bedet. (sjå biletet oppføre).

Når er graskara mogne? Når dei får fargen dei skal ha, når skalet er tjukt (bank og skrap med naglen) og stilkfestet harddt.

I år prøver eg også “Crown Prince” for fyrste gong. Dei skal ikkje bli oransje, men stålgrå. Ennå er det litt grønt att, håpar sola som er meldt komande veke vil hjelpa.  Kronprinsane veks under frukttrea, og trives godt med eit tjukt dekke av halm.

“Crown Prince”.

SQUASH:

Eg har både gul og grøn squash i det runde “reiret” midt i Leikeplasshagen. Sortar: “Athena Polka” (gul) og “Black Beauty” (mørkegrøn). (Sjå biletet heilt i toppen av innlegget). Den gule har produsert flest, men dei grøne blir raskast store. Desse er nå på hell.

EPLE:

Her ser du “Summerred”, det eldste (ci 30 år) og største epletreeet i hagen.

Og nedføre ser du “Discovery” som eg planta hausten 2016. Sjøl om det epla er røde, er dei ikkje mogne ennå. Heilt mogne eple er ofte litt røde også i fruktkjøtet.  Dei epla som smakar aller best, synes eg.

“Discovery”

Eg prøver å la dei hengja på trea lengst mogeleg, men ikkje så lenge at for mange fell ned og får dunkskadar. Best å hausta inn når det ikkje regnar, regnvåte eple tørkar eg av før eg lagrar dei: Nokre får fylla fruktfat, andre hamnar i plastposar i kjøleskapet og andre stablar eg i grøne kassar i garsjen med avispapir mellom laga.

Dei med dunkskadar brukar eg fyrst, dei  held seg dårlegaste.

KÅL:

Spisskål “Kalibos” og “Filderkraut” er klare, men kan godt bli ståande lenge ennå. Lilla “Kalibos” er vakker som ei rose, “Filderkraut” er imponerande stor og spiss. “Kalibos” likar eg best i råkost, den andre kokt/smørdampa. Spisskåla planta eg ut i slutten av april, etter å ha sådd dei i drivhuset i slutten av februar. Eg har ikkje gjødsla, bare mata jorda med eit toppdekke grov kompost i mars, så med grasklypp i sommar.

GULROT:

Gulerøtene eg sådde i pallekarmar i april, er oppetne. Dei du ser her, er vintergulerøter som eg sådde i mjølkekartongar den 25. mai og planta ut i juli etter opptak av tidlegpoteter. Etter potetopptaket spadde eg ut grov kompost frå varmkompostbingen like ved, slik at det ligg som eit toppdekke. Var spent på koss det ville gå, for det er her lengst bak ved hekken sola slepp til minst. Men gulerøtene er kjempefine! Gulerøtene nappar me opp etter kvart som me treng. Viss dei ikkje er oppetne før frosten, legg eg nok på eit lag lauv på toppen av jorda.

ROTSELLERI

Tek lang tid før dei blir klare, snart brukbar storleik på dei. Putta dei ned i mai mellom bondebønnene, der kom dei heilt vekk, eg gløymde dei heilt. Etter eg hausta bondebønnene uti juli, fekk dei meir puste- og albuerom. Var litt puslete, så dei fekk eit lite lag tang og tare og grasklypp. Då kvikna dei til.  Skal få stå, men tek nok opp den fyrste til helga, for då skal mannen min laga lammefrikassé!

Det mørke rundt rotsellerien er tang&tare.

RØDBETER:

Har rødbeter både i bed og pallekarm. Står temmeleg  tett – eg sår og plantar ut i klumpar (i mai).  Dei haustar eg også etter kvart som eg treng dei, men dei kan godt bli ståande. Blir det meldt kuldegrader, legg eg på eit lag lauv. I fjor vinter stod ein del rødbeter ute heilt til våren, men så var det då også ein uvanleg mild vinter. Sorten på biletet nedføre er “Forono” som ikkje blir rund men avlang, som ei tjukk gulrot.

Rødbete “Forono”.

KÅLRABI (kålrot)

Kålrabien du ser her, planta eg ut i juli etter opptak av kvitløk. Sorten “Wilhelmsburger” som eg sådde i små beger den 30. april, og som seg sidan potta om to gonger. Dei små, grå åkersneglane har forsynt seg godt av blada, men sjølve rota veks fint for det.

Planen er å hausta desse før eg skal setja kvitløkfedd i slutten av september/oktober.

BLADBETE

Bladbeten er det heller ingen hast med å plukka inn, den toler nemleg nokre kuldegrader. Minus 5 og 6 har gått her hos meg, men ikkje lågare enn minus sju. Og så kaldt er det faktisk sjeldan at det blir her i Stavanger. Som unge planter derimot, toler dei ikkje frost, og likar dårleg låge temperaturar. Det fører ofte til at dei går i stokk. På biletet nedføre ser du den bakerste bladbeten har gått i stokk. Men det går fint å eta blada. Dei planta eg ut i ein av pallekarmane kor eg har hausta gulerøter. Sommarsolhatten har sådd seg sjølv. Så fine haustfargar, synes eg:)

Bladbete med røde og oransje stilkar mellom sommarsolhatt.

Bak ser du grønkål og rosenkål som eg planta ut etter opptak av dei fyrste potetene. Toler godt å stå ute heilt til våren.

SVARTKÅL

Er ein sort grønkål som eg likar veldig godt, både smaken og fasongen. Denne har vakse ute sidan slutten av april, og skal få stå ute til slutten av neste april.  Plukk blad, og nye veks ut. Veksten stoppar opp midt på mørkaste vinteren, men frost toler dei godt.

Svartkål.

BLOMAR:

Solsikkene har eg nemnd tidlegare i innlegget, sommarsolhatt  likeså. Blomkarsen blømer ennå, det same gjer georginer (dahlia). Georgineknollane må eg ta opp før frosten kjem, så kan eg planta dei att til neste vår.

Røde georginer, avblomstra solsikker, svartkål, og to typar spisskål. Bak: Mais.

SALAT OG SPINAT:

Etter kvart som eg har hausta gulerøtene frå pallekarmar, har eg gravd ut jorda, fylt i masse planteavfall og ei bøtte “Bokashi” og toppa med den “gamle” jorda.  Så har eg planta ut plukksalat som eg hadde ståande i små kassar på terrassen og sådd spinat. Spinaten sådde eg for ci ei veke dagar sidan, så den har nett spirt. Salaten sådde eg i juli , den ser du på dette biletet som blei teke den 2. september (4 varme dagar etter at eg planta salaten).

Salat i pallekarm, graskar kryp rundt. Lenger bak til høgre rosenkål og blomkarse. Heilt bak veks rødbeter i pallekarm.

OG ENDÅ LITT TIL:

Kva meir har eg i hagen nå?

Urter, fleirårig kål, nokre pjuskete purreplanter som eg håpar kjem seg snart, ein gul epleagurk, hageblåbær, bjørnebær og plommer.

Jordskokken har blitt vel tre meter høg, og har nett teke til å bløma. Sjølve knollane har eg ikkje tenkt å ta inn og eta før i februar. Frost toler dei godt.

I drivhuset: Tomatar, agurk, aubergine og physalis.

Ha ein herleg haust!

 



2 kommentarar om “Omvisning i septemberhagen”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: