3-rettars måltid for 3

3-rettars måltid for 3

Eitt blomkål og to rødbeter. Går det an å laga lunch/middag for tre av det? Jeppetijepp!  Ingen tvil hos meg om at blomkål steikt i omnen er betre enn kokt. Med ein spanande dressing og nokre hasselnøtter, røde rips og litt bladpersille, blei blomkålbukettane til ein smakfull, lun salat. Fyrst får du oppskrifta på den:

Ingrediensar:

  • 1 blomkål
  • 3-4 ss  rapsolje
  • 2 nevar hasselnøtter
  • 2 dl ripsbær
  • Ein bunt bladpersille
  • Kronblad frå 3 oransje ringblomar (alternativ: andre blomar som kan etast, f.eks blomkarse).
  • Litt salt og peppar

Til dressingen:

  • 2 ss god olivenolje
  • 1 ss balsamico
  • 3 ts lønnesirup
  • 1 finhakka kvitløkfedd
  • 1/2 ts kanel
  • 1/4 ts allehånde

Framgangsmåte:

  1. Vask blomkål, del i små bukettar, legg dei mellom to kjøkkenhandklede slik at du tørkar av vatnet.
  2. Set omnen på 200 grader.
  3. Legg blomkålbukettane i ei eldfast form, fordel oljen godt  over/bland gjerne med hendene. Ha på litt salt og peppar.
  4. Steik i 15-20 minuttar til dei får farge, men pass på at dei ikkje blir mørkebrune og for all del ikkje svarte!
  5. I mens blandar du saman alle ingrediensane til dressingen i ei skål.
  6. Når blomkålen er ferdig, ha han over i ei skål, tøm over dressingen og dryss over med hasselnøtter, rips og hakka bladpersille.

Denne blomkålsalaten er inspirert av Vidar Bergum som igjen er inspirert av kjøkkenet i Midt-Austen. Allehånde i dressing, eg hadde ikkje kome på det av meg sjølv. Oppskrifta hans som eg tok utgangspunkt i, heiter “Blomkålsalat med hasselnøtter og granateple”, men eg har endra ein del både på ingrediensar og framgansmåte.

Blomkålhummus

Måtte ha noko proteinrikt og mettande i tillegg. Hummus! Dermed kunne eg bruka opp blomkålsstilkane også. Hummus blir ekstra lett og luftig med lettkokt blomkål i.

Hummusen blir luftig og lett med lettkokte blomkålstilkar i.

Kok stilkane møre i litt vatn og ha dei i kjøkkenmaskin saman med ei øskje eller boks kokte, skylte og avrente kikerter, om lag 2-3 ss tahini, og salt, peppar, sitronsaft etter smak. Gjerne også litt spisskummen og chili og ein slant god olivenolje.

Då trong eg bare noko friskt og fargerikt og saftig. Rødbetene! Oppskrift her.

FLEIRE OPPSKRIFTER MED BLOMKÅL:

BLOMKÅLCURRY MED KOKOSMJØLK

INDISK LINSEGRYTE MED BLOMKÅL

SMOOTHIE MED BRINGEBÆR OG BLOMKÅL

BLOMKÅLGRATENG MED GULROT OG SUKKERERTER



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: