“Nutty banana” med gul squash

“Nutty banana” med gul squash

Eg etterlyste oppskrifter med squash på Facebook og Instagram, og fekk inn mange gode tips som eg gledar meg til å prøva. Takk, takk! Men når sola skin, vil eg vera i hagen og ikkje ved komfyren. Då tyr eg ofte til ein smoothie. Har prøvd squash i juice – det går ypparleg-, men aldri i smoothie før. Det funka utmerka!

Takk til Mari Hult! Det var ho som sette meg på idéen: I kokeboka hennar “Sykt enkel”, står denne oppskrifta:

“Nutty banana”:

  • “1 frossen banan
  • 0,5 squash
  • 2 ss peanøttsmør
  • 0,5 ts kanel
  • 2,5 dl kokosmelk (gjerne lettvariant).”

Som dykk veit, er det stor forskjell på ein liten og ein svær squash. Eg brukte ein heil liten gul på snautt 250 gram.

Har du ikkje peanøttsmør, kan du bruka anna nøttesmør (mandelsmør, cashewsmør – men det er jo luksus) eller eit par handfullar med nøtter. Cashewnøtter er godt i!

Frosne bananar har eg alltid i fryseskapet. Ypperleg måte å bruka opp brunflekkete bananar på. Skrell, skjer i bitar og frys.

Kokosmjølka eg brukte, var ikkje tjukk mjølk frå lita øskje eller boks, men “tynn” drikkemjølk frå literskartong.

Framgangsmåte? Bare å ha alt i blendaren og køyra til alt er godt knust og blanda.

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: