Solspaghetti med tomat og squash

Solspaghetti med tomat og squash

Denne gylne pastaretten lagar seg sjøl mens du er ute i sola. Nå mognar tomatane i drivhuset, og i hagen kjem stadig nye squash. Både gule squash og gule, oransje og rosarøde tomatar er med i denne oppskrifta. Fordi det hadde eg. Men du brukar sjølsagt dei du har.

Ingrediensar:

(Nok til 3 personar, i alle fall om du serverer ein grøn salat til)

  • Om lag 1,5 kilo tomatar
  • 2 små gule squash, evt. grøne
  • 1 gul løk og gjerne også 3-4 kvitløkfedd
  • Nokre gode klunkar olivenolje (3-4 ss)
  • Timian, oregano
  • 1/2 ts “hot” ungarsk paprikapulver  (eller 1/2 ts paprikapulver og 1/4 ts chilikrydder)
  • Salt, peppar
  • Ei lita klype sukker
  • 1 ss god balsamicoeddik
  • Evt litt parmesanost
Gylne bifftomatar og gul squash skal saman med løk, urter, krydder og olivenolje bli til omsnbakt pastasaus.

Framgangsmåte:

  1. Skrell og hakk løken og legg i eldfast form.
  2. Skjer squash og tomatar i bitar og legg oppå saman med grovhakka kvitløk.
  3. Hell over olivenolje og dryss med timian og oregano (fersk eller tørka) og paprika/chili-pulver.
  4. Bland godt med ei tresleiv eller reine hender.
  5. Legg aluminiumsfolie over forma og set ho i omnen på 150 grader.
  6. Gå ut og slapp av i solstolen.
  7. Etter cirka 45 min, ta av folien og skru opp varmen til 180 grader.
  8. La det gå cirka 20 minuttar til, så ber du mannen gå inn og koka spaghetti og riva litt parmesanost.
  9. Då mannen ropar at  spaghetti øyeblikk er ferdig kokt, går du inn og tek tomatforma ut or omnen. Då ser du at ein god del av væska har fordampa, men brune skal grønsakene ikkje bli. Hell innhaldet over i ei låg og brei gryte som du set på den varme spaghettiplata. Smak til med salt, peppar, ei klype sukker,  balsamico og chili.
  10. Ha så i spaghettien og bland godt.
  11. Dryss over fersk basilikum og parmesanost om du har.

Vær så god!

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: