Genial blomkålrett med kikerter

Genial blomkålrett med kikerter

I denne tyrkisk-inspirerte retten er blomkål og kikerter brukt på to heilt ulike måtar og servert saman. Så lurt! Tenk å laga eit heilt måltid basert på to så billige og sunne ingrediensar. Mykje betre enn du trur! Denne må du prøva.

Oppskrifta er det ikkje eg som har kome på, den er frå kokebokforfattar og matbloggar Vidar Bergum.

Vær så god, “Krydra blomkål og kikerter med blomkålhummus”:

Ingrediensar:

  • 1 blomkål, halvparten i bukettar utan stilk og halvparten pluss stilken grovhakka
  • 2 boksar kikerter, skylt og avrent
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ts heil spisskummen
  • 1 ts paprikapulver
  • 1/4 ts paprikapulver
  • 1/4 ts chilliflak
  • 50 gram tahini (laga av sesamfrø, til sals i “alle innvandrarbutikkar”, i matbutikkar med godt utval og i helsekostbutikkar)
  • 2 kvitløkfedd
  • 1/2 sitron, safta
  • 1/4 ts malt spisskummen
  • 1/2 granateple, kjernene (eg brukte ripsbær i staden)
  • litt finhakka bladpersille
  • salt og peppar
  • Skiver av fersk chili til garnityr

Framgangsmåte:

  1. Sett omnen på 230 grader, over- og undervarme.
  2. Bland blomkålbukettane med 1 boks kikerter, olje, heil spisskumen, paprika, chili, salt og peppar og fordel på ei langpanne.
  3. Steik til får litt farge og er gjennomsteikte, cirka 15-20 minutt. Vend gjerne eit par gonger undervegsSal
  4. I mens: Kok opp resten av blomkålen og den andre boksen med kikerter til blomkålen er mjuk.
  5. Kjør det kokte i foodprocessor til mjukt. Ha i tahini, sitron, kvitløk, malt spiskummen. Spe med litt kokevatn. .alta og pepra.
  6. Server med steikt bomkål og kikerter over hummusen. Pynt med persille og granateple (rips) og skiver av fersk chili.

Nam, nam! Hummusen blei luftig og kremete med blomkål i, og kombinasjonen med krydra, krispete, steikte kikerter og blomkål på toppen av den fløyelsmjuke hummusen var super. Rips og persille sørgja for farge, og det syrlege gjorde seg.

Metta fire personar. Då serverte eg wokka bladbete og svartkål (alternativ: grønkål eller spinat)  med litt løk og kvitløk som siderett. Må alltid ha noko grønt, veit du!

PS: Eg gløymde visst å ha spisskummen på blomkålen eg steikte. Men godt blei det uansett, så du treng ikkje fortvila om du ikkje har det i krydderskuffa di.

Takk til @susannetodnem som tipsa meg om Bergum då eg etterlyste blomkåloppskrifter. Her er fleire gode tips.

PRØV OGSÅ:

BLOMKÅLCURRY MED KOKOSMJØLK

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: