Saftig rødbetsalat

Saftig rødbetsalat

Salikatt, det var godt! Og enklare kan det ikkje bli. Heldige oss som kan dra opp jordferske rødbeter frå kjøkkenhagen. Dressingen gjer susen. “Lukta jul, smaka tropisk”, sa dotter mi. Her får du oppskrift, pluss dyrke- og haustetips.

Ingrediensar:

  • 2 rødbeter

Til dressingen:

  • 1 lime
  • 1 ss eplesidereddik
  • 2 ss olje (raps eller olivenolje)
  • 1 ss lønnesirup
  • 1 ss finraspa ingefærrot
  • 1/2 ts salt

Framgangsmåte:

  1. Press safta ut av limen (rull limen att og fram på kjøkkenbenken fyrst, så slepp han frå seg meir saft).
  2. Finriv ingefærrota på råkostjern.
  3. Bland alle ingrediensane i dressingen.
  4. Vask, skrell og grovrasp rødbetene. (Ha på tynne plasthanskar om du ikkje vil føla deg som Lady Macbeth etterpå, du veit:”Is this a dagger which I see before me…”)
  5. Bland dressing og rødbeter. Kan gjerne stå nokre minutt før servering.

Godt til det meste.

Dyrke- og haustetips:

Rødbeter er lette å lukkast med i kjøkkenhagen i den forstand at eg har aldri ennå opplevd sjukdomar eller skadedyr på dei. Frøa er dessutan store og lette å så. Eg sår både tidleg på våren i pluggbrett, for så å planta ut i mai. Endå enklare er det å direkteså/så på friland, altså rett ut i bed eller pallekarmar i mai.

Ikkje så for tidleg, for det skjer år etter år at me får kulde i mai, og då kan rødbetene lett gå i stokk. Utover hausten derimot, fiksar dei godt kjøl.

I fylgje den engelske kjøkkenhageguruen Charles Dowding, går det  fint å så fleire rødbeter saman og planta dei ut i klumpar. Han får alltid ein diger klump der alle rødbetene er store og fine. Eg har prøvd begge deler, og dei eg plantar med litt avstand er større enn dei eg plantar i klumpar. Eg haustar dei som står tettast fyrst, så får resten veksa seg større. Når du skal hausta dei som veks veldig tett, ikkje bare dra opp ein rødbete, men “vri” han laus. Om du bare dreg, fylgjer fort dei andre i klumpen med.



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: