Smoothie med bringebær og blomkål

Smoothie med bringebær og blomkål

Det hadde du ikkje tenkt på nei, at det går an å ha blomkål i smoothie! Kva er det som ikkje går an å ha i smoothie, spør nå eg. Når eg skal laga mat, startar eg alltid med kva eg har mykje av i hagen for tida. Bringebærhekken leverer litervis dagleg, og i kjøleskapet låg det att nokre bukettar med blomkål.  Her er to oppskrifter:

Oppskrift-1:

  • 2 kaffikoppar bringebær
  • 4 blomkålbukettar
  • 2 kaffikoppar kefir og ein skvett vatn

Oppskrift-2:

  • 2 kaffikoppar bringebær
  • 4 blomkålbukettar
  • 1 frosen banan
  • 1 god skvis sitron
  • 2 kaffikoppar mandelmjølk
  • 10 mandlar

Framgangsmåte: 

Ha alt i blendar og køyr til alt blir knust og godt blanda.

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: