Smoothie med bringebær og blomkål

Det hadde du ikkje tenkt på nei, at det går an å ha blomkål i smoothie! Kva er det som ikkje går an å ha i smoothie, spør nå eg. Når eg skal laga mat, startar eg alltid med kva eg har mykje av i hagen for tida. Bringebærhekken leverer litervis dagleg, og i kjøleskapet låg det att nokre bukettar med blomkål. Her er to oppskrifter:
Oppskrift-1:
- 2 kaffikoppar bringebær
- 4 blomkålbukettar
- 2 kaffikoppar kefir og ein skvett vatn
Oppskrift-2:
- 2 kaffikoppar bringebær
- 4 blomkålbukettar
- 1 frosen banan
- 1 god skvis sitron
- 2 kaffikoppar mandelmjølk
- 10 mandlar
Framgangsmåte:
Ha alt i blendar og køyr til alt blir knust og godt blanda.