Stikkelsbærgrøt

Stikkelsbærgrøt

God, gamaldags dessert som fortener å koma på moten igjen: Dessertgrøt av bær.  Denne er laga av små, røde stikkelsbær. Du kan fint bruka grøne om du har det.  Fort gjort og lett å laga er det også. Best kald, så set av tid til avkjøling før servering.

Fort går det også å plukka stikkelsbær, dei er jo så store samanlikna med rips og solbær. Men skal seia piggane er skarpe! Heiter ikkje stikkelsbær utan grunn!

Ingrediensar:

  • 3/4 liter stikkelsbær
  • 5 dl vatn
  • 1,5 dl farin
  • 3 ss potetmjøl og 3-4 ss vatn

Framgangsmåte:

  1. Vask stikkelsbæra og rensk dei.
  2. Kok opp vatn og sukker.
  3. Ha i bæra og kok på svak varme til dei blir møre.
  4. Rør ut potetmjøl i litt vatn og hell forsiktig i (tynn stråle) mens du rører.
  5. La grøten koka opp.
  6. Hell grøten over i ei skål. Vil du unngå “snerk”, strø over litt sukker.
  7. Avkjøl.

Server med fløyte eller mjølk eller ei blanding av begge deler.

Ikkje heilt mogne ennå på dette biletet. Skal få mørkare rødfarge.

I tillegg til stikkelsbær, har eg også solbær, rips og amerikanske blåbær både i min eigen hage og i Leikeplasshagen. I Leikeplasshagen har me også bringebær, hos meg bjørnebær. Dei røde stikkelsbæra denne grøten er laga av, er sorten “Hinnomaki rød” som skal vera resistent mot mjøldogg.

Bærbuskar likar soppsporer i jorda, derfor blanda eg inn halvkompostert lauv då eg planta. Eg har alltid ståande lauv i nokre sekker, slik at eg har året rundt. Brukar det nemleg også i kompostbingen.

PRØV OGSÅ:

SOLBÆRSYLTETØY

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: