“Black Beauty”: Sjokoladekake med squash

“Black Beauty”: Sjokoladekake med squash

“Kva med meg, då? Er eg liksom ikkje fin nok for kake?” Ein mørkegrøn squash stirra på meg. Den gule hadde blitt til kake dagen før. Kan jo ikkje laga den same kaka to dagar på rad! “Prøv med litt kakao oppi”, tipsa squashen med sortsnamnet “Black Beauty”.

“Black Beauty”. (Foto: Jan Inge Haga).

Ingrediensar:

  • 1 grøn squash
  • 3/4 kaffikopp (cup) soyamjølk
  • 1/2 kaffikopp tahini (Lettflytande “smør” laga av sesamfrø som inneheld sunt feitt og masse mineralar. Eg tek ofte 1 skei i smoothiar for å gjera dei meir næringsrike og kremete, og tahini trengs også for å laga hummus. Tahini kjøper eg i innvandrarbutikkar, billigare der enn i matbutikkar og helsekostbutikkar).
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1/2 kaffikopp kokossukker (evt. brunt sukker)
  • 1 kaffikopp speltmjøl (eg brukte Bakemiks spelt frå Holli Mølle=økologisk)
  • 1 ts natron
  • 1/2 ts salt
  • 1/2 kokesjokolade

Framgangsmåte:

  1. Rasp squashen. Eg skreller ikkje mine squash. (Son min kommenterer alltid at dei har mjukt og godt skal i motsetning til squash frå butikkhyllene.)
  2. Bland tahini med mjølk og vanilje.
  3. Ha i sukker. Rør.
  4. I ein anna bolle, ha i det tørre og rør så det blir godt blanda.
  5. Skvis så “vatnet” av den raspa squashen. Ha ein kaffikopp i mjølblandinga og rør.
  6. Tøm over det våte og bland alt godt.
  7. Hakk kokesjokolade og bland det inn i røra.
  8. Ha deigen over i ei smurd brødform (eg tok den minste).
  9. Steik i om lag 30 minuttar på 180 grader.
  10. Avkjøl før servering.

Perfekt til ettermiddagskaffien! Likar du mørk sjokolade, likar du denne. Men dette er ikkje kaka for mjølkesjokoladegjengen eller barneselskap.

Ikkje “tørr” formkake, snarare fuktig og mjuk/kremete.

Kaka er vegansk. Son min som ikkje er veganar, åt dobbelt så mykje kake som syster si og mannen (veganarar) til saman.

PRØV OGSÅ DENNE:

SQUASHKAKE MED BANAN OG VALNØTTER

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: