Indisk linsegryte med blomkål

Indisk linsegryte med blomkål

Me venta dotter vår og mannen heim frå ferie. Dei er veganarar. Dagslang køyretur, er sikkert svoltne, så maten må vera klar. Men vesle Ellinor (4 mnd) vil nok ha pupp og treng nok ny bleie, så  det må vera mat som kan venta. Kva skulle eg då servera?

Aha! I fjor sende Mari mi meg ei oppskrift frå ein svensk matblogg som ho likte veldig godt. Den inneheldt blomkål, og det hadde eg ikkje, så den laga eg aldri. I år derimot!

Eg justerte og forenkla litt på oppskrifta. Her er min variant som er nok til 6. Ikkje få fnatt av den lange ingredienslista, det meste er krydder.

Ingrediensar:

  • 1 pakke tørka, røde linser på 400 gram
  • 1/2 blomkål på cirka 500 gram
  • 3,5 gule løkar
  • 6 små kvitløkfedd
  • 1 tommelfingerstor ingefærrot
  • 2 ss garam masala (krydderpulver)
  • 2 ss currypulver
  • 4 ts malt kardemomme
  • 2 ts malt kanel
  • 2 ss malt spisskummen
  • 4 ts gurkemeiepulver
  • 1/2 ts chilipulver
  • 2 boksar hakka tomat på 400 gram kvar
  • 2 boksar kokosmjølk på 400 gram kvar
  • 3 ss tomatpuré
  • Cirka 1 dl vatn for steiking
  • God og vel 2 dl vatn med 1,5 ss grønsaksbuljongpulver for koking
  • 1/2 sitron
  • salt, peppar
  • Ci 1 ss kokosolje til steiking

Framgangsmåte:

  1. Skrell og skjer opp løk og steik i olje til blir gyllen.
  2. Skrell og finhakk ingefær og kvitløk, la surra med.
  3. Skru ned varmen, tilsett krydderpulver (garam masala, curry, kardemomme, kanel, spisskummen, gurkemeie, chili) og tomatpuré. Rør. Spe med litt vatn til det dannar seg ein kryddersaus. La steika på middels varme i nokre minutt.
  4. Ha i kokosmjølk og tomat og la det koka i om lag 30 minutt.
  5. I mens vaskar du linsene: Ha i ein bolle med vatn,  rør rundt, hell ut vatn. Gjenta til vatnet er klart.
  6. Vask også blomkål og skjer det i bukettar.
  7. Ha blomkål og linser i gryta saman med ci 2 dl vatn med grønsaksbuljongpulver.
  8. La småkoka på svak varme i rundt 30 minutt. Spe med vatn undervegs om det trengs.
  9. Før servering: Smak til med sitronsaft, salt, peppar og dryss over bladpersille.

Om du vil: Server med ris og/eller nanbrød.

Den svenske matbloggaren anbefalar også raita av hakka mynte, limejuice, salt, peppar, litt olivenolje i vegansk creme fraiche (Oatly).

Mari hadde rett, denne var verkeleg god!

FLEIRE OPPSKRIFTER MED BLOMKÅL:

Gode tips

Tips frå Anne Fjetland til oss som er så heldige å ha sprøytefri blomkål i hagen: Bruk blada når du kokar kraft!

Tips frå meg: Og skal du ikkje koka kraft, kapp dei opp og ha dei i kompostbingen. Har du ikkje kompostbinge, skaff deg ein pallekarm eller to. Så legg du grønt avfall frå hagen lagvis med lauv/flis/eggekartongar/dorullar/papp. Dryss gjerne litt jord mellom laga. På den måten byggjer du opp kompostjord som du kan dyrka i til neste år. Eller allereide i år om du toppar med eit tjukt lagt jord og sår f.eks spinat.

 

 

 



2 kommentarar om “Indisk linsegryte med blomkål”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: