Solbærsyltetøy

Solbærsyltetøy

“Ka gjør du  med solbærå? Håper det kommer et blogginnlegg om det:)” Melding frå @lisamarienes. Svar: Frys utan sukker slik at eg har til masse smoothiar i vinter. Og i år har eg for fyrste gong laga syltetøy. Så mykje syltetøy det blei av fire kilo bær! Lettare enn eg trudde. Fort gjekk det også.

Mannen blei sendt av garde for å kjøpa sukker og syltetøyglas, mens eg plukka. Kan liksågodt laga mykje mens ein fyrst er i gong.

Ikkje rart dei blir kalla “blackcurrants” på engelsk.

Ingrediensar:

  • 4 kilo solbær
  • 8 dl vatn
  • 2,6 kilo sukker (farin, eller gjerne syltesukker med pektin)
Men dei er fulle av rødfarge!

Framgangsmåte:

  1. Rens og vask/skyll bæra.
  2. Vask syltetøyglasa og set dei i omnen på 100 grader.
  3. Ha bær i ei stor gryte saman med  vatnet og kok raskt opp (ha loket på til det kokar).
  4. Rør, skru ned varmen og la bæra koka til dei er sundkokte – det tek godt og vel 5 minutt. Rør innimellom.
  5. Ta så gryta av plata og rør i sukkeret. Rør til du er sikker på at alt sukkeret er oppløyst.
  6. Ta glasa ut frå omnen.
  7. Set gryta tilbake på plata, skru opp varmen og la syltetøyet koka opp.
  8. Aus så syltetøyet over i dei varme glasa. Bruk gjerne trakt, så blir det mindre søl. Nå gjeld det å fylla glasa heilt opp, men ikkje så mykje at det renn over når du har på loket. Ha loket på straks.

5,5 liter syltetøy blei det! Eg hadde faktisk ikkje nok glas til alt, så 7 dl frøys eg i ei plastboks og det på botnen av gryta slikkepotta eg over i ei skål. Var spent på koss det smaka!

Så godt at det blei fort oppete:  Me hadde nemleg noko turt brød i skapet som eg laga “Arme riddarar” av.  Jysla godt med nylaga syltetøy på..

PRØV OGSÅ:

RABARBRASYLTETØY MED JORDBÆR

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: