Blomkålgrateng med gulrot og sukkererter

Blomkålgrateng med gulrot og sukkererter

“Kva lagar du av blomkål?” spurde eg syskenbarnet mitt Velaug, som er veldig flink til å laga mat. “Suppe er alltid godt. Og grateng,” svara ho. “Koss lagar du grateng”?  “Ha lettkokte blomkålbukettar i ei form og hell over kvit saus kokt på krafta av blomkålet”, var svaret. “Og nå til dags er det så mange gode krydra pølser å få tak i som smakar godt til”, la ho til mens me vandra i flott turterreng på Rennesøy.

Ost på toppen? “Må vera Jarlsberg, nyttar ikkje med Gouda”, skaut syskenbarn Karen inn – faren styrte meieriet på Nærbø i mange år og der laga dei Jarlsbergost.

Skrubbsvolten etter turen, hausta eg den største blomkålen.

Javel. Kraft.. Høyrdest litt bleikt ut med bare kraft av blomkål, så eg henta inn nokre gulerøter, ein ung løk frå hagen med grøn stilk. Kunne vera litt greit å få litt farge på gratengen også. Farge ja, litt grønt er alltid “skjønt”, og nå må sukkerertene etast opp.

“Ikkje egg oppi”? hadde eg spurd Velaug. “Nei, ikkje i grateng, men piska eggekvite i soufflé”, svara ho som gifta seg med ein franskmann. Eg slo opp på gratengsaus i ei gamal kokebok. Der sto det 1 eggeplomme eller 1 heilt egg skulle i oppi. Då bør det altså gå både med og utan.

Pølser og pølser. Eg blei ein gong matforgifta av ein pølsemiddag på ein leir i Årdal i Ryfylke i min barndom, (trur Indremisjonen var  arrangør..) , så pølseeting har det blitt lite av sidan..  “Dronninga” på leiren var ei jente frå Stavanger med langt lyst, hår som kvein (hvinte) “Iiiiik” (Ja, IIIIIIIIK) og leste “Romantikk”.  Eg hadde kort, brunt hår og skjegla endå meir enn til vanleg fordi eg sov så dårlig om natta etter å ha blitt fortalt om helvete. Dessutan sakna eg hunden og katten min.

Gratengen? Den blei slik:

Ingrediensar:

  • 1/2 blomkål med stilk
  • 5 små gulerøter (ut og tynna!)
  • 1 løk, evt. vårløk
  • Ei handfull sukkererter eller to… (evt. frosne, grøne erter)
  • Litt bladpersille (må alltid ha persille, veit du!)
  • 1,5 ss meierismør
  • 3 ss kveitemjøl
  • ci 4 dl vatn
  • 1 ts grønsaksbuljongpulver
  • litt muskattnøtt, salt, peppar.
  • 1 egg (kan utelatast)
  • Kanskje også nokre bitar pølse? (eg skar opp ein liten snabb choriospekepølse).
  • Gjerne også eit par nevar makaroni
  • Jarlsbergost til å ha på toppen

Framgangsmåte:

  1. Vask blomkålen, gjerne både før og etter at du skjer det opp. Del opp i fine små bukettar og grovhakk stilkane.
  2. Vask og skjer gulerøtene i bitar..
  3. Kok opp 4 dl vatn med 1 ts grønsaksbuljongpulver.
  4. Kok blomkålstilkane i nokre minutt før du har i blomkålbukettar og gulrot.
  5. Skjer sukkerertbelgane i bitar, evt. pill ut ertene frå eldre belgar.
  6. Når grønsakene er møre (pass på at dei ikkje blir for mjuke og dvaske, dei skal trass alt i omnen etterpå), sil av krafta (ikkje i vasken, du skal bruka krafta!)
  7. Lag så kvit saus: Smelt smør i gryte, rør inn kveitemjøl og spe litt etter litt med krafta mens du rører kraftig mellom kvar gong.
  8. Smak til med muskattnøtt, salt, peppar.
  9. Avkjøl litt hvis du skal ha egg i. Rør egget saman i ei skål med ein gaffel fyrst.
  10. Ha blomkål og gulerøter i ei form, dryss over med erter og gjerne også hakka bladpersille.
  11. Hell over sausen.
  12. Riv ost eller skjer med ostehøvel (blir mindre oppvask av høvelmetoden) nok til å dekka toppen.
  13. Steik i rundt 15 minutt i omnen på 240 grader til osten blir gyllen.

Nok til 3, gjerne 4 om du serverer pølser ved sida av.

Makaronien? Ja: Eg hadde trudd gratengen skulle stivna, men der låg litt væske i botnen. (Og eg som hadde egg i…) Trur derfor det ville ha vore lurt å ha i nokre nevar makaroni som kunne sugd det til seg..

“Herleg”, sa mannen min som er vande med å vera prøvekanin for mine utprøvingar på kjøkkenet. “Nja,” sa eg, “ok, takk, men eg likte curryen betre.”

HER ER OPPSKRIFT PÅ DEN:

BLOMKÅLCURRY MED KOKOSMJØLK

Fram for grateng!

MEN: Jysla lurt med grateng om du treng å rydda kjøleskapet eller har matrestar som må brukast opp. Kan jo putta oppi både det eine og det andre, tenkte eg. Brokkoli i staden for blomkål. Sellerirotgrateng! Og for ikkje å snakka om potetgrateng. Fiskegrateng? Ingen fiskar i kjøkkenhagen…

Kva slag grateng lagar du?

Forbetringstips frå Velaug:

“Ville nok brukt både mjølk og blomkålkraft til ein tjukk saus, og hatt i mykje chili, kvitløk og ein heil neve med bladpersille og andre urter. Litt saus må det vera i botnen, men ikkje tynt vatn. I fiskegrateng brukar ein både makaroni og egg.”

Takk! Må prøva det neste gong:)

 

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: