Squashkake med banan og valnøtter

Raspa squash er ypperleg å bruka i bakst. Har du ein squashplante eller to, har du meir enn nok å ta av. Oppskrifta på denne var det Glenn, sambuaren til dotter mi som skreiv ned i “kokeboka” mi. God! Halvparten av kaka åt me som “tilbehør” til salatlunchen, resten gjekk med til frukost neste dag. Hadde også vore godt til ettermiddagskaffien/teen.
Og ja, fort gjort å laga!
Ingrediensar:
- 1/2 kaffikopp (cup=2,4 dl) sukker (eg brukte rårørsukker)
- 1/3 kopp brunt sukke (eg brukte kokossukker)
- 1,5 banan
- 1/4 kopp olje (rapsolje til baking)
- 1 teskei vaniljeekstrakt
- 1,5 kopp mjøl (eg brukte Bakemix spelt frå Holli mølle, det er økologisk)
- 1/2 ts bakepulver
- 1 ts natron
- 1/2 ts salt
- 1 ts kanel
- 1/2 ts muskatt
- 1/8 ts kardemomme
- 1 medium squash. Eg brukte ein gul squash, går fint også med grøn. Så stor at det blei cirka 1 kopp raspa squash (skvist for vatn)
- 1/2 kopp valnøtter (eller hasselnøtter eller mandlar om du ikkje har valnøtter).
Framgangsmåte:
- Rasp squashen. Eg skreller ikkje mine frå hagen, skalet er ikkje seigt og hardt på nyplukka squash. Ha i eit dørslag over ei skål slik at vatnet/safta kan renna av. Hjelp gjerne til med hendene og skvis litt.
- Bland det tørre.
- Bland alt.
- Smør ei lita formkakeform med rapsolje for baking, ha i røra og steik på 180 grader i rundt 50 minutt.
- La kaka avkjøla i forma til ho blir lunka. (Smuldrar lett om du tek ho ut av forma straks).
Kos deg!

Hagetips:
Squash leverer i store mengder, og treng derfor næringsrik jord og masse vatn. På denne tida kjem det lett mjøldogg (gråkvite flekkar/belegg) på blada. Eg klypper vekk desse i håp om at det ikkje skal smitta over på andre blad. Nye blad veks fort ut.
Fleire squashsortar har “sølvflekkete” blad, (sjå foto). Men i motsetning til mjøldogg, så utviklar ikkje flekkane seg til dei til slutt blir eit gråkvitt belegg på heile bladet.
Squashplanter er skikkelege “racarar”: Tida frå spiring til levering er kort om dei ikkje får kuldesjokk i mai.
Eg sådde squash inne den 16. april, og flytta dei ut i drivhuset straks dei spirte. Potta dei om to gonger i stadig større potter før eg planta dei ut den 29. mai. Den 17. juni kunne eg plukka dei fyrste små squash-“fruktene” (sjå foto).