Blomkålcurry med kokosmjølk

Hei! Sidan sist har eg prøvd ut seks nye rettar med blomkål. De som var raskaste og enklaste å laga, var attpåtil ein av dei eg likte best. Passar veldig godt på regnvåte dagar.
Eg har alltid eit godt utval med krydder og øskjer/boksar med kikerter og andre bønner og linser i skapet, pluss kokosmjølk og hermetiske tomatar. Og kjøleskapet vårt er aldri tomt for sitron. Kvitløk og løk frå hagen ligg på tørk i kvar si korg. Så då hadde eg det me trong.
Dette brukte eg:
- 2-3 ts olje til steiking, eg brukte kokosolje.
- 1 medium stort blomkål
- 2 små, gule løk
- 1/2 kvitløk
- 2 ts gurkemeiepulver
- 1-2 ts paprikapulver
- 2 ss garam masala (krydderblanding)
- 1 øskje hakka tomatar (400 gram)
- 1 øskje kokte kikerter (400 gram)
- 1 kokosmjølk. 330 ml var det i ein liten kartong økologisk, men det hadde nok gått bra med ein boks på 400 ml eller ei lita øskje på 250 ml også.
- 1/2 sitron, evt. lime
- 1 bunt koriander, evt. bladpersille
- Salt, peppar
Slik gjer eg det:
- Vask blomkålet og del det i små bukettar. Du kan også bruka mykje av stilkane, skjer dei i mindre bitar.
- Skrell og hakk løk og kvitløk og røresteik i olje smaman med garam masala og gurkemeie på medium varme, skal ikkje bli brun.
- Ha oppi blomkål og røresteik vidare nokre minuttar.
- Skyl av kikertene i eit dørslag, ha i saman med tomatar, kokoksmjølk og paprikapulver.
- La det putra til blomkålen blir mørt og sausen tjuknar litt.
- Smak til med salt og peppar.
- Skvis over sitron og dryss med koriander, evt. bladpersille.
Nok til 4 personar, i alle fall om du serverer ris til og gjerne nokre lettwokka grønkål/svartkål/bladbeteblad.
Fleire oppskrifter kjem på bloggen etter kvart!
Hagetips:
Når du dyrkar blomkål, er dei fyrst dekka av dei store grøne blada. Etter kvart som sjølve blomkålhovudet blir stort, blir blada ståande rett opp. For å unngå misfarging av den kvite blomkålen, brett eit blad eller to over.
Og: Ikkje så deileg med sneglar i blomkålen, ta deg ein sneglerunde kvar kveld. I alle fall når det regnar!