Så mykje godt me kan laga av blomkål!

Så mykje godt me kan laga av blomkål!

Har du ei favorittoppskrift med blomkål? spurde eg på Instagram og Facebook for nokre dagar sidan. Eg fekk så mange bra tips at eg må dela alle 17 vidare her på bloggen.

  1. Ostegratinert blomkål er favoritten til Ann Helen Braathen som delte oppskrifta: Kok blada og stilken for å få skikkeleg god blomkålsmak, sil av og mos med stavmiksar. Deretter kok bukettane så vidt “al dente” i den same krafta. Lag så tjukk kvit saus av kraft pluss reven ost. Legg bukettane i eldfasst form, tøm over sausen og ha reven ost på toppen. “Kjapp gratineringstur i ovnen og middagen er klar”!
  2. Kokt blomkål overstrødd med masse heimelaga remulade og masse ferske reker, foreslo Anita S. Dietrichson  som skriv kjøkkenhagebloggen Drivhuset mitt.
  3. Skjer blomkål i skiver, steik på panna i smør, salt og peppar. Kjempegodt, skreiv Inger Margrethe Norås.
  4. Blomkål med ravigottesaus, super til grill, anbefalte Toril Helene Salvesen.
  5. “Kokt, dyppet i egge gul og frityrstekt. Liten sprut sitron på når den serrveres. Mmmm…” skreiv Elke Olsen.
  6. Blomkålpakora. Stuing der blomkålen blir kokt i fløyte, deretter stampa med litt salt. Tips frå Kjersti Petra Steinsvåg.
  7. Kok blomkål “al dente”, kvit saus der du brukar blomkålkrafta, nye gulerøter, grøne erter og godt bacon. Gjerne ei god brødskive til, er Bodil Czybulla sin favoritt.
  8. Omnsbakt indisk-inspirert blomkål, foreslo Ågoth Idsøe Skjæveland og forklarte framgangsmåten: Naturell yoghurt med masse krydder i. Kvitløk, gurkemeie, chili o.l.  Smør det på, og bak i omnen.  Og blomkålsuppe “så klart”, la Ågot til som også laga “Buffalowings” av blomkål.
  9. “Denne er fantastisk!” skreiv Siri Vaggen Kanedal og delte denne lenka til “Gratinert blomkål med spicy indisk saus”.
  10. 15 magiske oppskrifter med blomkål finn du i denne artikkelen av @vidarbergum, tipsa @susannetodnem. Her var det mykje som freista ja, dei fleste inspirert frå det tyrkiske kjøkken.
  11. Rått blomkål i små terningar i saus av 50/50 med ravigottesaus og rømme tilsett sitronsaft, salt og peppar er nydeleg med brød til eller supergodt til røykt mat/grillmat, tipsa @janne.knu
  12. Ho foreslo også kokt heilt blomkål, tøm over kvit saus. Masse tomatar til og eventuelt steikt bacon/skinke/pølser.
  13. Blansjer blomkål lett, bland gjerne med brokkoli. Lag ostesaus, hell over i form, gratiner. Kjempegodt! foreslo @solvienge.
  14. “Eg ville gått for tradisjonell blomkålsuppa. NAM”, skreiv @marit_helgesen.
  15. Omsbakt blomkål med tomat og olivensaus, foreslo @lthing, ei oppskrift frå Jamie Oliver. Her er oppskrifta.
  16. Blomkålkorma med cashewnøtter, tilrådde @heimarit og viste til Mari Hult som har skreve fleire kokebøker og er dama med @vegetarbloggen. Eg fann ikkje “blomkålkorma” på bloggen, men masse andre oppskrifter med blomkål! Så mange at eg har ikkje fått sjekka meir enn ein brøkdel…
  17. Blomkålmos er kvardagsfavoritten til @gretekosmos: Del i bukettar, kok i lettsalta vatn. Sil av, bland inn ei snau boks kremost  naturell, salt og peppar med stavmiksar. Varier med urter, osterestar, osv.

TUSEN TAKK TIL ALLE! Nå angrar eg på at eg ikkje dyrka meir blomkål…

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: