Hausting og utplanting i juli

Hausting og utplanting i juli

Juli er både vår, sommar og haust i kjøkkenhagen. Og då tenkjer eg ikkje på vêret, men på kva som føregår: Grønsaksbeda er fulle og frodige.  Etter kvart som eg plukkar inn, plantar eg ut nytt slik at det ikkje blir tomt i beda. I dette innlegget får du vita både kva eg haustar, og kva vekster som overtek den ledige plassen. Slik får du mykje mat året rundt!

Blomkål

Nå er blomkåla store og flotte. Freistande å la dei stå, men best å få dei oppetne, ellers kan eg risikera at både sneglar og larver forsyner seg. Desse krypa har hittil heldigvis bare knaska på dei store blada som veks rett opp. Eg er litt stolt av blomkåla, for i fylgje den danske kjøkkenhagedronninga Camilla Plum, er blomkål nærmast som å ta ein doktorgrad innan kåldyrking.

Eg sådde mine i eit lite beger i slutten av februar, prikla ein månad seinare og planta ut i slutten av april i eit bed med god jord som hadde fått eit toppdekke av tørre “sauapertar” i januar. Om lag ein fjerdedel av småplantene stakk duene av med! Eg burde nok ha lagt på fiberduk for å unngå det. Det hadde også verna mot insekt  som legg egg som blir til larver. Men… eg likar å sjå kålplantene veksa, og eg har ikkje fleire blomkål enn at eg rekk over å sjekka undersida av blada i ny og ne for bittsmå larveegg som ligg i  ei lita klynge. Så er det bare å knipa dei mellom fingrane, vips, så slapp eg masse svoltne larver. Nokre blir der alltid, som de ser av holene på blada. Men blada har hittil greid å verna sjølve den kvite blomkålen.

Eg tek ikkje opp alle på ein gong, bare eitt og eitt etter kvart som me skal eta dei. Best heilt ferske, veit du!

Grøde 1 og 2

Etter blomkål skal eg planta ut vintergulerøter som eg sådde i mjølkekartongar i mai.

Kvitløken tok me opp den 5. juli. I to av kvitløk beda har eg planta ut kålrot som har venta i potter på terrassen. Dei sådde eg i små beger den fyrste veka i mai. I det tredje bedet har eg flytta over salatplanter som hadde det for trongt i smale balkongkassar.

Brokkoli overtok plassen etter løk.

Etter løk har eg planta ut brokkoli. Også dei sådde eg fyrste veka i mai.

Etter opptak av tidlegpotet “Arielle”  i eitt bed, har eg planta ut grønkål og rosenkål, også dei sådde den fyrste veka i mai.

Etter 1. runde kålrot (sådd i starten av mars og planta ut i slutten av april. spist i juni/juli), har eg planta ut purre sådd i eit druebeger i mai. Dei har fått dårleg stell stakkars (eg gadd ikkje å prikla….), og er tynne og veike. Så puslete ser det ut, at eg har spedd på med nokre salatplanter.

Sellerirot mellom bondebønner.

Bondebønnene er også klare. I alle fall dei største belgane som veks nederst. Eg plukkar dei fyrst, og let dei lenger oppe få bli større. Dei har blitt minst like høge som meg nå, så nokre ligg og “veltar seg”, det ser litt rotete ut. Burde nok ha støtta dei opp….  Eg trur ikkje eg treng å planta ut noko etter dei, for mellom radene planta eg i mai ut sellerirot, og det ser ut som om dei har greidd seg sånn nokonlunde.

Etter knutekål? Spisskål som veks i same bed har vakse seg større og tek heile plassen. I eit anna bed skal sjølsådd solsikke få overta.

Nabojenta Sofie med ein bunt gulerøter etter at me tynna ein av pallekarmane.

Sommargulerøtene har me “tynna-hausta” nokre buntar av. Det vil seia at dei har fått veksa temmeleg tett til at me kunne dra opp små “snacksgulerøter” då me tynna. Så skal resten få stå og veksa seg større. Når alle er oppetne, er planen å så spinat og asiatisk salatkål.

“Moralen er”: Hugs at tidlegpoteter, knutekål, løk frå setteløk, kvitløk, blomkål, bondebønner og sommargulerøter blir ferdige før hausten, altså er det lurt å ha klar andre grønsaksplanter. Purre og ulike kålslag passar godt til å veksa ut over hausten, ja vinteren. Det same gjer spinat. 

LES MEIR OM DETTE:

SERIEDYRKING, TRIKSET FOR MAT I HAGEN HEILE ÅRET

SLIK FÅR DU MASSE GRØNSAKER FIRE VEKER ETTER POTETOPPTAKET

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 



4 kommentarar om “Hausting og utplanting i juli”

  • Hei Margunn,
    Har levd i den troen at spinat bare er en vårplante og at den bare går i stokk hvis jeg sår den senere. Er det spesielle spinatsorter du sår nå, eller kan jeg så hvasomhelst? Andre ting som jeg kan så nå? Skjønner jeg har avslutta “sesongen” altfor tidlig og vil gjerne forlenge 🙂

  • Du er veldig effektiv, kanskje jeg skal sjekke hvordan det går med mine poteter, jeg har også Arielle, men satte dem kanskje ikke så tidlig. Hadde håpet å få tatt opp resten av mine hvitløk, men har ikke fått gjort det inn imellom alle bygene 😀 Ha en fin dag, hilsen Ingeborg

    • Hei! Ja, hadde tenkt å ta opp fleire poteter i helga, men det blei for vått. Best å gjera det når det er turt. Hastar ikkje. Men vil få gjort det før det kjem sjukdom (fare for tørråte når det er vått).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: