Kjøkkenhageomelett med chorizo, kvitløk og salvie

Kva skal me ha til lunch i dag? Eg tok meg ein hagerunde: Ein liten grøn squash, eit-par handfullar urter. Nokre grøne blad. I kjøleskapet låg der nokre kokte nypoteter frå i går, egg og ein snabb chorizospekepølse. Nyhausta kvitløk ligg til tørking. Då hadde eg det eg trong til spansk bondeomelett og grøn salat.

Ingrediensar:
- 5 små/mellomstore kokte poteter
- 1 liten bukett ferske salvieblad
- 5 bladbete(mangold)-blad (du kan bruka tilsvarande mengde spinat, evt. grønkål/svartkål)
- 1 liten bukett bladpersille
- 1 fersk kvitløk (mildare enn dei tørka du kjøper i butikken) eller 2-3 fedd tørka kjøpekvitløk
- 1 liten grøn squash
- 1 snabb chorizospekepølse
- 5 egg
- Salt, peppar
- 3 klattar meierismør
Framgangsmåte:
- Skrell og hakk kvitløk, skjer squash og pølse i skiver. Fres dette lett i panna med ein klatt smør. Flytt så over på ein tallerk.
- Skjer potetene i skiver og hakk salvien. Steik så desse lett i panna til potetskivene blir gylne. Ha på litt salt og peppar. Flytt over på ein tallerk.
- Hakk bladbete (eller spinat eller grønkål) og bladpersille og fres dette lett i panna i ein klatt smør og litt salt og peppar. Steik til blada skrumpar inn, men dei skal ikkje bli brune. Flytt over på ein tallerk.
- Skru steikeomnen på 200 grader.
- Ha så alt på tallerkane tilbake i panna.
- Pisk/rør saman egg i ei skål med litt salt og peppar og hell over.
- Set panna inn i omnen til eggeblandinga stivnar. Det tok vel rundt ti minutt.
- I mens vaskar og “spinn” (tørkar) du salatblada, riv dei i passelege bitar, har dei i ei skål og set fram god olivenolje og balsamicoeddik eller sitronsaft.

“Himmelsk!” sa mannen min. Det tykte eg jo var ei overdriving, men kjekt at han likte det. Det gjorde eg også.
Eit godt alternativ til grøn salat til denne retten, hadde vore tomatsalat (sidan det er grønt i sjølve bondeomeletten). Men tomatane mine er ikkje mogne ennå. Og salat har eg i mengdevis.
LES OGSÅ:
DERFOR TOK ME OPP KVITLØKEN NÅ