Urtesuppe med bladgrønt og løk

Urtesuppe med bladgrønt og løk

I hagen har eg bladpersille, løpstikke, løk, kvitløk, jordeple (poteter), bladbete (mangold), bladkål (fleirårig kål/svartkål/grønkål). Kva kan eg laga av det? Suppe! Enkelt og godt, særleg når det regnar – og lite oppvask. Og jammen var der ikkje både meierismør, H-mjølk og ein slant kvitvin i kjøleskapet. Då hadde eg alt eg trong. Måtte bare ut og henta ein liten bunt stangselleri.

Tok bare litt av alt i gryta, men det blei til sju porsjonar. Slår meg alltid når eg kokar suppe – kor lite som skal til for at det skal bli mykje mat! Her er oppskrifta:

Ingrediensar:

  • 100 gram meierismør (frå  Tine =samvirkesmør)
  • 2 gule løk
  • 1 bunt ung løk med grøne stilkar (Alternativ: Vårløk).
  • 8 fedd kvitløk  (var ein ung kvitløk).
  • 5-6 stilkar stangselleri
  • 3 dl grovhakka løpstikke
  • 3 dl grovhakka bladpersille
  • 10 poteter, temmeleg små
  • 1,2 liter vatn og 2 terningar kyllingbuljong
  • 2 dl kvitvin
  • 1 liten “bukett”/bunt bladkål (eg brukte den fleirårige Daubenton som du ser ved sida av suppeskåla på biletet i toppen.) Du kan bruka grønkål eller svartkål eller spinat i staden.
  • 2 store bladbeteblad (eg skjer vekk stilken)
  • 7 dl H-mjølk (frå Tine =samvirkemjølk)
  • Svart peppar og litt salt
Dei grøne stilkane på sjøldyrka løk (vanleg gul løk) er kjempegode.

Framgangsmåte:

  1. Skrell og grovhakk løk og kvitløk.
  2. Smelt smør i stor gryte med tjukk botn  og la løk og kvitløk surra på middels til svak varme. Skal ikkje brunast, bare bli gyllen og mjuk.
  3. Skjer stangselleri i små bitar og la den surra med i gryta.
  4. Skrubb potetene og skjer dei i terningar/små bitar, så små som du gidd, og ha dei i gryta.
  5. Grovhakk løpstikke og bladpersille, og putt i gryta.
  6. Ha i kvitvin og la det surra nokre minutt.
  7. Ha så i vatn og buljong.
  8. La det småkoka til løk og selleristang er møre.
  9. I mens rullar du grøne blad (av f.eks bladkål og bladbete) til ein fast rull, og skjer så denne i skiver/bitar på langs og tvers. (Effektiv måte å kutta opp store blad på).
  10. La det bladgrøne putra med nokre minutt. Du vil sjå at blada fort skrumpar inn. Bladbete og fleirårig bladkål treng ikkje mange minutt før dei er ferdig kokte, det same med spinat.  Kjøpegrønkål frå butikken er som regel seigare og treng lenger koketid.
  11. Ta så gryta frå plata og ha i mjølk.
  12. Bruk ein stavmiksar til å mosa alt, slik at du får ei kremete suppe.
  13. Skal du eta alle sju porsjonane straks, set gryta tilbake på plata til ho blir god og varm. Skal du f.eks bare ha to porsjonar, aus opp fem porsjonar i frysebeger og set til sides før du varmar opp resten som du skal eta.

Jeppetijepp!

“Var etandes”, som me sa heime på Ualand då me skulle skryta av maten.

God brød, høyrer til. Eg lagar alltid dette brødet.

Bladpersille og ein opphakka “rull” med bladkål og bladbete.

LES OGSÅ:

MEIR MAT FRÅ HAGEN

15 GRØNSAKER OG 16 URTER EG KAN HAUSTA FRÅ HAGEN NÅ

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: