Meir mat frå hagen

Meir mat frå hagen

Nypoteter med persille og ein smørklatt, ei skål sprø salat med sukkererter, små, søte gulerøter, nokre skiver kålrot eller knutekål, – fort gjort å laga seg eit godt måltid med så mykje  godt frå kjøkkenhagen. Treng kanskje bare ei spekesild eller litt spekeskinke eller ein halv krabbe ved sida av? Her skal du få sjå kva nye grønsaker me har hausta denne veka.

POTETER: Eg tok opp ei bøtte med poteter pluss eit beger perlepoteter frå eitt av dei tre potetbeda i går. Litt tidleg, det hadde blitt fleire og større om eg hadde lete dei stå nokre veker til, men eg mista tolmodet då heten/tørken og vinden la potetriset flatt. Dessutan hadde eg så lyst på…  Brukbar avling likevel frå 10 settepoteter. Eg sette potetene den 24. mars. Sort: “Arielle”. Vanlegvis ventar eg til etter dei er ferdige å bløma, men dette bedet hausta eg i år bare nokre dagar etter at dei fyrste hadde starta bløminga. Alle hadde ikkje ein gong starta å bløma.

Sofie smaka på dei fyrste sukkerertene i dag.

SUKKERERTER: Best når belgane er små. Sådde den låge sorten “Norli”,  eigne frø, rett ut den 7. april.  Blei vel låge, synes eg… Men veldig gode.

Sofie nappar opp dei gulerøtene som stod for tett.

GULERØTER: Ikkje ferdige ennå, men på tide å tynna gulerøtene eg sådde i pallekarmar den 6. og 19. april. Eg tynna dei fyrste for  eit par veke sidan, nabojenta Sofie tynna den siste pallekarmen i dag. Dei blei ein stor bunt små knaskegulerøter. Bra å tynna gulerøter mellom regnbyger. I sol og vind kjenner gulrotflugene lukta betre og kjem fykande for å leggja  egg i dei ledige hola… Så me klappa jorda godt att etterpå og takka for regnet.

Me hadde ein triveleg time i Leikeplasshagen i dag, Sofie, mor Marte Bøe og eg. Utanom å tynna gulerøter, plukka me også litt squash og knutekål. Og bladbete og sukkererter. Bak dei ser du maisplanter: “Spiret” i toppen er hannblom.

KNUTEKÅL: Fyrst ferdig av alle kålslaga. Ser ut som blanding av ein liten UFO og ein overjordisk kålrot. Var den lilla “Wiener Blå” som eg planta ut i slutten av april, sådd i drivhus i starten av mars. Likar best bare å skrella desse å eta dei rå. Hadde dei med på badestranda i slutten av sist veke, og veninna mi  meinte dei smaka som ei blanding av kål og eple. Også gode oppskårne i salatskåla. Pass på, ikkje la dei gå i stokk (ikkje la det veksa opp ein blomestengel midt på toppen), då blir dei “treete”. Har ein tendens til å gå i stokk om eg ventar for lenge med å hausta dei. Så små og mjuke er betre en store og harde. Svenskane kallar knutekål for “kålrabbi”. Engelsk: “Kohlrabi”.

Prøv: Knaskesalat med knutekål, eple, urter og valnøtter.

Kålrot “Wilhelmsburger”, sådd i starten av mars, planta ut i slutten av april. Hausta den 25. juni.

KÅLRABI/KÅLROT: Då kålfluene svirra rundt her i juniheten, drog eg opp den største kålrota (kålrabi, som me seier her i Rogaland). Veldig god, men diverse kryp hadde gnaga litt på den nederste delen. Var bare å skrella vekk.  Nokre dagar seinare sjekka eg resten, og fleire var i ferd med å gå i stokk. Så då måtte dei til pers, sjøl om storleiken ikkje var noko å skryta av.  Måtte skrella den nederste delen grundig på desse også…  Engelskmennene kallar kålrot for “swede”. Svensk: Kålrot.

Ein squashplantene produserer store mengder squash. Det går bare få døgn frå blom til passeleg “frukt”.

SQUASH:

Dei fire eg planta ut den 29. mai, produserer nå massevis. Har ikkje rukke å bli store endå, men kjem nok til å veksa raskare etter litt meir regn. Juni har vore varm og tørr. Best små. Blomane er også gode å eta.

(Sidan det blir vått framover: Sjekk inni blomane når du er på sneglejakt…).

Har to gule “Athena Polka” og to mørkegrøne “Black Beauty”.

Store mengder salat og bladbete/mangold frå desse fire kassane på terrassen.

I massevis

Det me har ete mest av denne veka, er salat. Me plukkar dei nederste blada rundt heile planten, og nye blad veks ut. Mangold/bladbete veks også så eg kan sjå det frå dag til dag. God i wok, stuingar, gratengar, supper. Eg likar dei ikkje rå.

Svartkål og fleirårig kål bryt eg blad av jamnt og trutt. Samstundes sjekkar eg plantene for larver. Og for larveegg på undersida av bladene.

Det går også ein god del ung løk og ung kvitløk/kvitløk som står for tett. Vil nok gå nokre veker til før dei er hausteklare med ferdige fedd.

Rabarbraplantene er gode å ta av til dessertar og bakst.  Prøv rabarbrakake med mynte!

LES OGSÅ:

15 GRØNSAKER OG 16 URTER EG KAN HAUSTA FRÅ HAGEN NÅ

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: