Margunns brød

Betre og betre, enklare og enklare. Så mange gonger har eg nå gjort endringar i oppskrifta “Bodils gode, lettvinte brød”, at eg dristar meg til å kalla det mitt brød. Bakar dette kvar veke, er det einaste brødet me vil ha. Bra då at det er fort gjort å laga, utan elting og heving.
Ingrediensar:
- 7 dl bakemix spelt frå Holli mølle
- 4 dl bakemix rug frå Holli mølle (økologisk)
- 1 dl emmer (gamalt kornslag) frå Holli mølle (Har du ikkje emmer, bruk 5 dl bakemix rug, eller 1 dl havremjøl).
- 2,5 dl store havregryn
- 4 dl frø: Eg pleier å ta 2 dl solsikkerfrø, 1 dl graskarkjerner og 1 dl linfrø, men bruk det du har.
- 1 ts fint havsalt
- 5 ts natron
- 1 liter kulturmjølk (Tine=samvirke) + litt vatn som du skyler ut mjølkerestane frå kartongen med.
- 1 ss lønnesirup
- 2 ss olivenolje
Eg brukar både økologisk mjøl og økologiske frø.
Framgangsmåte:
- Bland det tørre.
- Ha i det våte og rør saman. Blir ein tjukk deig, om lag på konistens med havregraut.
- Ha deigen i smurde brødformer.
- Steik på nederste rille med varmluft i 1 time og 40 minutt på 175 grader.
- Ta ut, avkjøl litt på rist.
PS: Viss det f.eks er litt for lite spelt att i posen, har eg i desto meir emmer eller rug eller havremjøl.
Blir to brød. Går fint å frysa.
Veldig godt med meierismør (ikkje margarin!) og rabarbra-jordbær-syltetøy på!
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg
Hvor får man kjøpt bakemix fra Høøli mølle som du bruker til brødene ?
Pleier å kjøpa på Madla handelsslag. Har også i økobutikken på Ullandhaug gard og på økobutikken nederst i Langgata i sentrum.
Er det mulig å bruke honning istedet for lønnesirup?
Vh Inger Brit
Ja, det går fint!
Går også bra utan!