15 grønsaker og 16 urter eg kan hausta frå hagen nå

Nå veks det så voldsomt at eg mest kan sjå forskjell frå dag til dag. Beda blir fullare og fullare. Kan lett bli ståande å sjå på, men me må eta også! Her er lista over det eg kan plukka inn frå hagen nå:
1. Masse salat. I år har eg mest grøn og rød plukksalat, “Lollo Rosso” og min nye favoritt “Cerbiatta” som liknar på hjortetungebregne. Mesteparten av salaten breisådde eg i ein dørkarmkasse den 25. april. Resten har eg i små og store plastkassar på terrassen. Desse sådde eg i pluggbrett pluss at eg kjøpte potter med ferdige småplanter.

Og sånn såg det ut i kassen 17 dagar seinare:

2. Rukkola (må skunda meg å eta opp, går i stokk nå).
3. Spinat (skund deg å haust, for på denne tida går han i stokk).
4. Bladbete (utruleg produktiv bladgrønsak, syskenbarn til spinat og rødbete). Også kalla mangold. Den med store blad og fargerike stilkar i kassar bak salaten på biletet i toppen av dette innlegget.

5. Fleirårig bladkål: “Taunton Deane” og den dekorative “Chou D’ Aubenton” med kvite render.

6. Svartkål.
7. Grønkål, den vanlege krusete typen. Blad frå dei eg sådde i vår og blomar frå fjorårets.
8. Asiasalat, ulike typar (Mizuna, Pak choi, Tasoi, Mibuna, Namenia). Også kalla salatkål og sennepssalt. Har ete uhorvelege mengder hittil i juni, må ta opp siste rest nå, for nå går dei i stokk.

9. Reddik (snart oppetne).
10. Mainepe (litt små ennå, men, men).
11. Luftløk/pipeløk, fleirårig.

12. Vanleg løk som eg haustar ung. Då er dei grøne stilkane veldig gode og løken er som stor vårløk.
13. Kvitløk: Fersk kvitløk er knallgodt. Eg haustar dei som står tett fyrst. Så får dei andre stå litt til og veksa seg større.

14. Squash, gul og grøn. Gjekk jammen ikkje lenge frå utplanting til dei leverte! “Fruktene” er ikkje store ennå, men dei små er best. Og blomane..
15. Rabarbra: Hausta mengder i mai, har nå vakse seg stor att.

URTER
- Koriander, må etast opp nå, går i stokk på denne tida.
- Anisisop
- Bladpersille (i mengdevis! Har ein heil pallekarm).
- Basilikum
- Salvie
- Rosmarin
- Timian
- Oregano
- Estragon
- Mynte
- Grasløk
- Sitronmelisse
- Løpstikke
- Bjørnerot
- Brønnkarse (må stå vått)
- Blomkarse (sommarblom, men både blad og blomar er gode å eta).
Brønnkarse, blomkarse, bladpersille og koriander har eg sådd i vår. Anisisop og basilikum fekk eg av greie Mariell Klungtveit (@hageninr11).
Dei andre er fleirårige. Mest hardføre er bjørnerot, løpstikke og mynte.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg
Hvitløken min står frodig og stor, men sålangt ingen løk under jorda. Ka tid komme den?
Endre
Det var løye. Har du gravd langt nok ned? Eg et dei fyrste før dei blir veldig store – dei som står tett – og let dei andre stå og veksa seg litt større. Store nok til å etast ferske nå. Ventar eit-par-tre veker til med dei andre. Kjem an på koss dei ser ut.
Hei!
Hva gjør du med det som “går i stokk”? Mangold overlevde i potte her på Lyefjell, ble nesten oppspist (av meg) i sist uke, og nå begynner de å få blomster… klipper jeg den ned, graver opp..?
Hei! Viss mangold har gått i stokk, har han hatt det for kaldt i oppveksten/som småplante. Då et eg opp blada som er på planten, tek han så opp og har han i komposten. Du kan jo prøva å klyppa han ned og sjå kva som skjer.
Hei Margunn. Takk for mange gode tips og oppskrifter. Da jeg var på Agderfhs.tur i fjor (og delte rom med Idun) i Italia spiste jeg verdens beste pizza med squashblomster og ymse oster. Nå blomstrer squashen her, og jeg ser at det danner seg frukter, Er det da bare å ta blomsten, eller skal jeg bare ta den der det ser ut til at det ikke blir frukt? Takk for svar og god helg!
Hei! Høyrest ut som ein snadder pizza. Ta hannblomane, du ser det er bare stilkar bak dei, ikkje hoblomen som det blir frukt av.
Det er inspirerande å følgja deg
Tusen takk, nå vart eg glad:)
Hei.
Jeg har også Bjørnerot. Lurer på hva du bruker den til? De gangene jeg har brukt den er i grønnsakssuppe /lapskaus Har også brukt den i blomsterbuketter.
Hei! Då brukar du den til det same som meg! Gløymer ofte å bruka denne. Sikkert godt som grønt dryss i/på fleire rettar.
Setter pris på kombinasjonen din av dyrkingstips og matglede. Har atriumshage på leirjord i Oslo, og litt kortere vekstsesong enn deg. Har forstått at alt med jord, struktur og næring er viktig for å lykkes. Forebyggende plantevern også. Tror dessverre at kaldkompost må droppes pga snegler.
Tusen takk for hyggeleg tilbakemelding! Ja, jorda/molda er avgjerande. Blir dessverre lett sneglar i kaldkomposten, derfor har eg også 2 varmkompostbingar pluss at eg komposterer i pallekarm (to oppå kvarandre, avfall i den nederste, dyrking i den øverste med jord). Men kaldkompostbingen rommar mykje. Har gjort det til vane å sjekka den for sneglar morgon og kveld.