Rolfs sommarsalat

Rolfs sommarsalat

Ei stor skål salat, då er eg nøgd. Treng ikkje noko meir til  lunch/middag ein sommardag, i alle fall ikkje hvis der er all slags godt oppi. Slik som i salaten Rolf, mannen min, lagar.  Ekstra god blir salaten når du kan plukka inn sprø blad rett frå hagen! Her får du oppskrifta.

Dette treng du til 4 porsjonar:

  • Vel 1 liter lett opprevne salatblad, godt med ulike slag salat. Her i huset går det mykje i salatkål som Mizuna og pak choi for tida.
  • 1 bunt reddikar
  • 2 klasar med gode kirsebærtomatar
  • 1 snackpaprika
  • 2 vårløk
  • 1/2 agurk
  • 2 pærer
  • 2 nevar valnøttkjerner
  • 1 boks kokte kidneybønner
  • 4 egg
  • Knoppar og blomar frå grønkål viss du har
  • Evt litt jarlsbergost som du skjer i terningar
  • Olivenolje, balsamicoeddik eller sitron
  • Salt, peppar
Salatkål, også kalla orientalsk salat og sennepssalt.

Framgangsmåte:

  1. Hardkok egg, skrell og del i båtar.
  2. Vask og spinn/tørk salaten, riv han i grove bitar (ikkje bruk kniv).
  3. Vask og skjer opp grønsaker og frukt i passelege bitar.
  4. Tøm av laken frå boksen med kidneybønnene og skyl dei av i eit dørslag.
  5. Ha alt i ei stor skål, legg gjerne egg, halve kirsebærtomatar, blomar og valnøtter på toppen.
  6. La folk ta på så mykje olivenolje, balsamicoeddik/sitron, salt og peppar dei vil sjølve.

Biletet av Rolf med salatskålene tok eg i pinsehelga. Eg hadde kjøkkenhagekurs. Deltakarane plukka inn salatblad, og Rolf laga salaten.

Godt med nybaka brød til.

Her er oppskrifta på brødet som er både godt og utruleg lett å laga.

KURSA I DYRKING AV URTER OG SALAT HOS MEG DEN 15., 16., og 17.JUNI ER NÅ FULLE. TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR MELDT SEG PÅ. GLEDAR MEG TIL Å TREFFA DYKK!

 

 

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: