Rolfs sommarsalat

Ei stor skål salat, då er eg nøgd. Treng ikkje noko meir til lunch/middag ein sommardag, i alle fall ikkje hvis der er all slags godt oppi. Slik som i salaten Rolf, mannen min, lagar. Ekstra god blir salaten når du kan plukka inn sprø blad rett frå hagen! Her får du oppskrifta.
Dette treng du til 4 porsjonar:
- Vel 1 liter lett opprevne salatblad, godt med ulike slag salat. Her i huset går det mykje i salatkål som Mizuna og pak choi for tida.
- 1 bunt reddikar
- 2 klasar med gode kirsebærtomatar
- 1 snackpaprika
- 2 vårløk
- 1/2 agurk
- 2 pærer
- 2 nevar valnøttkjerner
- 1 boks kokte kidneybønner
- 4 egg
- Knoppar og blomar frå grønkål viss du har
- Evt litt jarlsbergost som du skjer i terningar
- Olivenolje, balsamicoeddik eller sitron
- Salt, peppar

Framgangsmåte:
- Hardkok egg, skrell og del i båtar.
- Vask og spinn/tørk salaten, riv han i grove bitar (ikkje bruk kniv).
- Vask og skjer opp grønsaker og frukt i passelege bitar.
- Tøm av laken frå boksen med kidneybønnene og skyl dei av i eit dørslag.
- Ha alt i ei stor skål, legg gjerne egg, halve kirsebærtomatar, blomar og valnøtter på toppen.
- La folk ta på så mykje olivenolje, balsamicoeddik/sitron, salt og peppar dei vil sjølve.
Biletet av Rolf med salatskålene tok eg i pinsehelga. Eg hadde kjøkkenhagekurs. Deltakarane plukka inn salatblad, og Rolf laga salaten.
Godt med nybaka brød til.
Her er oppskrifta på brødet som er både godt og utruleg lett å laga.
KURSA I DYRKING AV URTER OG SALAT HOS MEG DEN 15., 16., og 17.JUNI ER NÅ FULLE. TUSEN TAKK TIL ALLE SOM HAR MELDT SEG PÅ. GLEDAR MEG TIL Å TREFFA DYKK!