Gje plass til prydløk

Gje plass til prydløk

Store lilla kuler fulle av små stjerneforma blomar svevar på høge stilkar over grønsaker og stauder. Ein iaugnefallande prydløk som både humler og folk har glede av. Prydløk er til pynt, ikkje til å etast. Minuset med prydløk (Allium), er at bladverket fort blir stygt, derfor likar eg best å ha han mellom andre planter. Her skal du få sjå kor prydløken veks hos meg:

Står vakt over kålbedet som på biletet over. Passar særleg fint saman med spisskål “Kalibos” som har lilla bladnerver.

Og her er prydløk mellom kålrot og svartkål:

I dette bedet har eg ei rad prydløk mellom løpstikke, pepparrot og fleirårig kål og bladbete og bondebønner:

På dette biletet ser du også prydløk i krukker. Dei vart planta saman med påskeliljer i fjor haust.

Dei største og høgaste får litt støtte av klatrestativet (har utruleg sterke stilkar, men tenkte det kunne koma godt me når det bles kraftig). Sukkerertene er nå på veg opp i dette stativet.

Dette er den største eg har. Namnet er “Gladiator”.

I staudebedet har eg prydløk ved sida av bladliljer og mellom storkenebb:

Fyrst blømer prydløken, så storkenebben.

Prydløk set du om hausten. Både i min hage og i Leikeplasshagen kjem dei att, år etter år.

 

 



2 kommentarar om “Gje plass til prydløk”

  • Jeg synes Allium er aldeles nydelig. Jeg pleier kutte av bladene fordi de blir stygge , men det er kanskje ikke så lurt ?? Finnes der flere sorter, hvilken er best / størst/ kraftigst ?
    Mvh Torunn

    • Einig, staselege plantar. Eg også plukkar vekk blad, men ventar til dei er visne. Dei halvvisne får stå. Ja, finnes mange sortar. Kva for ein som er best, veit eg ikkje, det kjem an på smaken. Lurer på om den største er “Gladiator”??

Legg att eit svar til Torunn Håvarstein Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: