Kveldskurs den 15. juni: Dyrk salat og urter

Kveldskurs den 15. juni: Dyrk salat og urter
“Minimal effort, maximum pleasure”, seier kokkekjendis Gino. Urter og salat, tenkjer eg då på. Du kan nemleg få fram masse ulike urter og salat på liten plass utan å bruka mykje tid. På dette kurset i hagen min i Stavanger lærer du koss du kan få det til. Me snakkar også litt om alt det gode du kan bruka urter og salat til.
NÅR: Måndag den 15. juni klokka 18-20.
PRIS: 500 kroner pr. person.
PLASS TIL 10 personar. Fyrste mann/kvinne til mølla…
BINDANDE PÅMELDING: Send epost til margunn.ueland@gmail.com og oppgje fullt namn (førenamn og etternamn og telefonnummer. Dei ti fyrste som sender epost, vil då bli bedne om å stadfesta påmelding ved å vippsa 500 kroner til Margunns kjøkkenhage/nr 551979. Vel kurs kroner 250 kr timen frå menyen og klikk to gonger på +-teiknet. Når det er gjort, har du sikra deg plass. Alle som sender epost vil få svar.
ADRESSE: B. Christophersensgate 40, 4009 Stavanger. Ei sidegate til Eiganesveien, ikkje langt frå Tjensvollkrysset. 20 minutt å gå frå Stavanger sentrum.
Kurset foregår ute i hagen, så kle deg etter vêret.


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: