4. juni 2020
Rabarbrasyltetøy med jordbær

Eg lova dykk fleire oppskrifter med rabarbra. Dette syltetøyet blei knallgodt. Fort gjort å laga var det også. Blei to store glas på om lag 1 liter kvar pluss eit lite 2 dl glas.
Det er altså ein god del sukker i det, men eg laga fyrst ein mindre porsjon med sukrin i staden for sukker og bittelitt vatn. Og utan jordbær. På langt nær så godt.
Men dette syltetøyet kjem eg til å laga igjen:
- 4,5 kilo rabarbra
- 3 posar frosne jordbær (kvar pose er på 500 gram)
- 1,2 kilo farin
Framgangsmåte:
- Vask rabarbraen og skjer stilkane i så små bitar du gidd.
- Tin jordbæra lett, såpass at du kan skjera store bær i bitar.
- Ha i ei stor gryte saman med sukkeret.
- Kok varsamt opp og la det småkoka i rundt 15-20 minuttar til rabarbraen er mør.
- Skum av etter kvart som det dannar seg skum på toppen.
- I ei anna stor gryte kokar du opp vatn som du har reine glas oppi. Ta dei ut etter nokre minutt med ei pølseklype og sett dei på eit reint handklede.
- Aus det ferdige varme syltetøyet over i glasa. Set ei trakt med vid “munn” oppi glasa, så unngår du søl.
- Ha på lokk. Pass på at du ikkje brenn deg, bruk gryteklutar.
Ferdig!
Dette syltetøyet er så godt at du kjem til å eta det opp fort. Derfor hadde eg ikkje i konserveringsmiddel.
Har du lyst på ein god dessert, prøv denne: