Frå tulipanar til squash og georginer, tagetes og kål

Frå tulipanar til squash og georginer, tagetes og kål

Blomar høyrer med i ein kjøkkenhage, synes eg. Både fordi dei er så vakre og set farge på hagen, men også fordi mangfald av vekster gir mangfald av insekt.  Koss få plass til begge deler? Her er nokre av mine favorittmåtar.

Ein ny som eg har stor tru på i år, er at eg nyss har planta ut fire sommarsquash i det runde tulipanbedet (kallar det kråkereiret) midt i leikeplasshagen.  Tulipanane har pynta opp her sidan slutten av april – fyrst tidlege, så seine sortar. (Sjå oppslagsfoto).

Squash skal uansett ikkje plantast ut får nå på denne tida, dei likar seg nemleg ikkje når temperaturen går under ti grader. Fort veks dei, og dei store blada dekkjer fort dei visnande tulipanblada. Nokre løkar måtte eg ta opp for å få plass.

Squash treng mykje vatn og næring, så dei fekk kvar si bøtte heimelaga kompost pluss tjukt jorddekke av plenklypp for at vatnet ikkje skal fordampa.

Takk og farvel tulipanar, velkomen squash!

Ikkje før hadde den siste tulipanen slutta å bløma, så var to av squashplantene klare med kvar sin store, gule tulipanforma blom. Herleg!

Georginer har overteke plassen i dei store krukkene etter tulipanar.

I dei store krukkene let eg georginer fylgja etter tulipanene:  Me puttar tulipanløk i krukker i oktober, straks dei er ferdige, tek eg dei opp og lar georginer overta.  Då er georginene lubne buskar. Eg sette dei til driving, det vil seia at eg sette knollane i plastpotter med fuktig jord i mars. NB! Må stå frostfritt. Straks dei spirte, flytta eg pottene ut, slik at dei fekk max lys. Inn i drivhuset (evt. inn i huset om du ikkje har drivhus) på netter med fare for frost. Georginene kjem til å bløma frå midten av juni til frosten kjem.

Før eg tek opp tulipanane, knip eg av “hovudet”, men hovedstilken og dei store blada får vera på. Sideskota – små stilkar og blad som kjem opp frå  sideløken- knip eg av. Eg fjernar mold og legg dei i grønkassar i garasjen. Flaks at hageentusiast Gry Hege Olsen-Hagen kom forbi nett då eg heldt på å ta opp tulipanene. Det var ho som sa at dette var måten å gjera det på.

I 2018 fekk dei røde georginene eit heilt bed for seg sjølv, i år har eg delt dei ut (til andre) og spreidd dei i grønsaksbed og krukker.

Kombinasjonar

Grønsaker og blomar, då? Ein annan av mine favorittkombinasjonar er mais, vintersquash (graskar) og låge solsikker. 

Småblomstra tagetes mellom blomkål, svartkål og kålrot Fremst til venstre: Spinat. Fotografert 4. juni i år.

Ringblomar, tagetes og blomkarse har eg kålbeda. Ringblomane og blomkarsen treng eg ikkje så – dei sår seg sjølv. Alltid spanane å sjå kor dei dukkar opp. Treng ikkje vera der dei vaks året før – kan ha spreidd seg med komposten..

Nokre solsikker har forresten også sådd seg sjøl i år, så dei skal få stå mellom knutekål og spisskål. I det  eine kålbedet har eg også pynta med dei største georginene, dei som eg ikkje har store nok krukker til.

Blomkarse har også fått krypa rundt mellom graskara under frukttrea. Tvilar på om dei kjem opp i år, for eg dekka bakken med eit skikkeleg tjukt dekke med talle (halm frå kalvegardar) tidleg i vår. Men du veit aldri med blomkarse, han gir ikkje opp så lett.

Og fordi eg er heilt nøydd til å ha blomkarse (ingen sommar utan), har eg også sådd nokre som eg har i potter her og der.

Glad i georginer? Sjå her

 

 

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: