Tomattrivselen på topp

Tomattrivselen på topp

Her får du tomatdyrketips om kassar, potter, jord, gjødsling, vatning, oppbinding, lys og varme.

Etter at dei fleste frilandsgrønsakene er planta ut, blei det endeleg plass til å flytta tomatplantene over frå  terrrakottapotter til desse praktiske plantekassane som rommar heile 35 liter jord. Og i botnen har dei eit vassmagasin på 8 liter. Dei er 45×45 centimeter breie og 35 cm høge.  Ein plante i kvar kasse. Eg har prøvd tidlegare år med to i ein kasse, og det blir for trangt/tett.

Kirsebær-, biff- og plommetomatane hamnar i kassane. Busktomat og “utandørstomat” får 15- liters og 20-liters terrakottapotter.

Dei veks fort når dei fyrst kjem i gong. Så store var tomatgjengen for ein månad sidan.

Eg kan ikkje ha plantekassane ute på grunn av regnet. Vatninga i desse kassane skjer ved å hella vann i eit røyr (sjå nederst til høgre i kassane der ein rød pinne stikk opp). Målepinnen seier frå  om vassmengda er på minimum, optimalt eller maksimum.  Det gjeld å halda mengda på optimal – altså jamn vanning. Om det regnar, funkar ikkje det systemet og det kan det blir for mykje vatn. Det er jo ikkje hol i botnen på kassane slik at overflødig vatn kan renna ut.

Oppbinding og støtte

Inne i drivhuset er det lett: Eg har festa ein stålvaier frå den eine kortenden til den andre (det vil seia to, slik at det blir to rekker som to andre klessnorer).  Så festar eg ein grov hyssing nederst på stammen til tomatplanten og tvinnar den oppover og festar i “snora”.

Ute har eg derfor låge tomatar, med eitt unntak. Eg får støtta den med bambuspinnar, eller har du betre forslag? Enn så lenge er dei såpass sterke i stilkane at dei står oppreiste med eiga hjelp. Det er fordi dei har fått godt med lys og lite varme i heile oppveksten. Då veks dei veldig seint frå mars til slutten av april, men så får dei fart på seg. Premien er kraftige stilkar/stammar.  Det andre trikset er å planta dei djupt – det vil seia begrava mesteparten av stilken – kvar gong eg pottar om. (Klypp av dei nederste bladpara).

Eg flytta dei ut nå. Skal ikkje bli kaldare om nettene framover enn 6-7 grader, i fylgje Yr.

Jord

I fjor brukte eg mi eiga jord av kompostert kjøkkenhageavfall og lauv, og plantene likte seg kjempegodt. I år hadde eg ikkje nok kompost (fordi eg brukte mange trillebårlass som toppdekke ute i nokre av beda). Dermed har eg blanda komposten min med grov veksttorv, litt kukompost  og naturgjødsla plantejord.

Eg likar ikkje at jorda er bar, så eg kjem nok til å toppa kassane med kompost/plenklypp/halvrotna lauv. Det likte dei i fjor.

Gjødsling

Eg har alltid brukt den flytande biologiske/organiske/økologiske tomatgjødselen til Biobact og Substral. I år  tenkte eg å gjera eit eksperiment: Drivhusgjengen skal  få den gjødselen Wiig gartneri brukar, nemleg Substral og Calcinitt. Utegjengen skal få larvebæsj! Eit firma på Voss som har utvikla produktet som heiter “Bløme”.  Eg hadde også litt “Kullhøna” – pellets av hønsegjødsel blanda med biokull i pottene. (Felleskjøpet).

Pluss litt epsomsalt (Felleskjøpet). På toppen av pottene: Lauvkompost. Jeppetijepp! Kult med eksperiment.

Kassane har eg også kjøpt på Wiig gartneri på Jæren. Det går også an å få dei i nettbutikkar.

Eg er IKKJE sponsa av nokon av desse, men Invertapro sende meg epost og spurde om eg ville prøva nokre posar larvegjødsel, heilt uforpliktande.

Temperatur og utlufting

Kor varmt har du hatt det/har det i drivhuset? spør folk. Ein termostatstyrt omn har skrudd seg på i mars, april og fram til nå når temperaturen har gått under ti grader. Nå er det slutt på omn.

Temperaturen er dermed den same som ute når sola ikkje er framme, og ein god del varmare år sola skin. Då set eg opp døra og luftelukene i taket går opp. Om eg skal bort og er i tvil om eg skal opna døra, opnar eg døra. Det blir fort for varmt. Betre med 10-15 grader enn 30.

Pass på å lufta også på grå og fuktige dagar! Gråskimmel (ein soppsjukdom) vil me ikkje ha.

“Tjuvar”

Hugs å knip av “tjuvar” mest dagleg, dvs. små skot som kjem i hjørnet mellom stammen og greinene. Desse blir fort store, og dumt at plantene skal bruka krefter på dei når du likevel må fjerna dei. For det må du, om du ikkje vil ha ein jungel av masse blad som skuggar for blomar og frukt og som aukar risikoen for sjukdom på platene (fordi bladmassen blir så tett).

Etter kvart som dei veks, fjernar eg også dei nederste blada.

Årets sortar

Kirsebær: “Auntie Madges” , “Golden Crown”, “Chocolate Cherry”, “Café Bule” og “Indigo”.

Biff: “Alices Dream”, “Ananas” og “Cuo di Bue”.

Plomme: “Lemon Tree”, “Black Ethiopian”.

Busk: “Russian Swirl”. Har to, skal prøva med ein ute og ein i drivhuset.

Ute: “Maskota” (busk/dverg) og “Red Alert” (busk, men høgare enn “Maskota”) og “Vesper F1” (høg).

MEIR OM SORTANE HER.

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 

 

 



3 kommentarar om “Tomattrivselen på topp”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: