Bra kombo: Mais, graskar og solsikker

Bra kombo: Mais, graskar og solsikker

I dette blogginnlegget får du gode tips om dyrking av mais og graskar med fleire bilete frå spiring til ompotting, herding og utplanting.

Eg ventar vanlegvis til slutten av mai/starten av juni med å planta ut mais, graskar og squash, for dei likar seg dårleg når temperaturen fell under ti grader. Men Kristi Himmelfartsdag kom varmen, og Yr viste nattetemperaturar på rundt 9 ei veke fram. Pluss masse regn! Dermed skreid eg til verket.

Midt i leikeplasshagen låg eit stort bed på rundt 5×2 meter (to bed som ligg tett saman) klart å venta med god kompostjord som eg toppa i vinter med sauepertar og grov kompost.  Mais og graskar treng mykje næring, skal jo bli svære planter.

Eg planta mais og graskar saman i fjor (i eit anna bed), og syntes det funka veldig bra: Maisen vaks oppover, graskara kraup langs bakken. Dei store blada dekka jorda, slik at ho ikkje tørka ut. I enden hadde eg solsikker – det både pynta opp og gjorde mange insekt glade. Solsikkene toler dessutan godt å veksa i den kraftige jorda.

21 maisplanter, 6 solsikker og 5 graskar planta eg ut i årets bed. Det var nok 3 graskar for mykje, men, men. Kvar plante kjem nemleg til å skyta ut 2-3 meter lange rankar i alle retningar. Eg tek sjansen på at det går, dei har nemleg plass å gå på utføre bedet….. Gjer ikkje noko om dei kryp bortover sanden og stiane med treflis. Blir det fullt kaos, kan eg alltid kappa av nokre stenglar.

Hokkaidograskar “Uchiki Kuri” og mais fotografert i september i fjor.

Sorten graskar skal dessutan ikkje bli gedigen. Det er Hokkaidograskaret “Uchiki Kuri” (wintersquash på engelsk). Eg har dyrka 11 ulike typar graskar, dette likar eg aller best. Av fire grunnar: Det rekk å bli klart/moge før det blir kaldt om hausten. Det er fint å sjå på og ungane likar den oransje fargen. Det smakar veldig godt.  Og det blir ikkje så stort at eg treng sag for å skjera opp graskara, det held med ein stor kjøkkenkniv.

For at bestøvinga skal bli god, må mais plantast saman i “blokker”, ikkje på ei lang rekke.  Sortane eg har sådd i år er “Sweet Nugget” og “Tasty Sweet”.

Både graskar og mais sådde eg inne den 15. april. Dei treng nemleg helst over 20 grader for å spira. Så fort dei spirte, flytta eg dei ut i drivhuset, der ein termostatomn slo seg på om temperaturen gjekk under ti grader.

Mais fotografert den 23. april i drivhuset.

Spirene er store, dei veks fort, og både mais og graskar har eg derfor potta om to gonger før utplanting.

Graskar potta eg om fyrste gong den 28. april. I runde brune potter: Sommarsquash. Mais bak t.h. for vannekanna.

Den siste veka før utplanting bar eg dei ut i kassar på dagtid, og inn att i drivhuset om natta. Viktig at maisen ikkje veks seg for høg, tynn og svak, då knekk han lett i vinden etter utplanting.

Mais på terrassen, fotografert den 9. mai.

Eg planta maisen litt djupare enn han sto i potta, mellom anna med tanke på vind.

Graskar derimot, kan du ikkje planta djupare enn dei nederste blada.

Vanlegvis vatnar eg godt i planteholet der eg puttar ned mais og graskar. Men det droppa eg i år, sidan det var meldt masse regn i dagane etter utplanting.

Eg fordelte også ein stor murarbalje med grov kompost på toppen av bedet etter planting.

Det var desse solsikkene eg tok frø av. Bak ser du graskar og mais. Foto frå i fjor sommar.

Solsikkene er av den låge, kraftige typen: Sorten “Sunspot” som eg vart så glad i førre året.

Er litt stolt over at både solsikkene og graskara er sådde av frø frå eigne planter. Tok ikkje frø av maisen, for den blei så fort oppeten at det blei ingen kolber igjen til å tørkast….

Har hatt stor glede av tulipanane i det runde bedet midt på Leikeplassen.

Squashen har eg ikkje planta ut ennå: Den ventar nemleg på plass i “kråkereiret” som nå er fullt av tulipanar. Men når dei nå snart blømer av, har eg tenkt å putta 4 squashplanter ned der. Kanskje eg må ta opp nokre tulipanar for å få plass..

Squash veks fort, så i helga potta eg dei om for tredje gong. Dei står i drivhuset, men skal få koma ut og venta på terrassen når denne regn&vind-helga er over.

MEIR OM UTPLANTING:

Kor mykje får du plass til i 3 bed på 10 kvadratmeter?

EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:

  1. Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
  2. Trykk på FØLG MEG-knappen.
  3. Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera  fylgjar. Trykk på STADFEST.

Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg

 

 



8 kommentarar om “Bra kombo: Mais, graskar og solsikker”

  • Talk for samplantingstips! Jeg har sådd alle disse sortene inne, men de har nok fått for lite lys og blitt lange og stenglete. Er det bare å kaste dem og så på nytt da, eller kan jeg redde dem ved å plante dem dypt når jeg setter dem ut?

    • Velbekommen! Mais kan du planta djupt, trur også det går med solsikker, men ikkje graskar og squash. Plant dei/gje dei ein sjans, kanskje dei kjem seg og det
      går bra. Så nokre nye i tillegg. Har du ikkje plass, kast dei svakaste, plant dei finaste og så på nytt.

  • Første sommer eg skal prøve på ordentlig å dyrke ting. For eg har tenkt å feriere stort sett på terrassen i år😁 Skal prøve på squash blant annet på Sola🌺

    • Squash er gøy å dyrka! Veks fort, fine blomar som blir til squash før du får sukk for deg. Skal forresten ha foredrag på Solastranden gård komande tysdag:)

  • Her er mais, bønner og solsikker plantet sammen i år. Jeg tror det blir en veldig flott kombinasjon. Siden jeg har en landlig og stor tomt får gresskar og squash egne områder. Nytt av året er at jeg planlegger å dekke svaberg med gressskar. 🙂

    • Blir veldig bra! Bønnene kan klatra oppover maisen. Bønnene mine spirte ikkje i år! Einaste som ikkje har spirt…. Dvs, bondebønnenene veks bra, eg tenkte på andre bønner. Heldige deg som har stort tomt. Svaberg med graskar høyrest spanande ut. Sikkert varmt og godt mellom svaberga. Fyller du “holer” med kompost og lar dei krypa bortover?

        • Jeg har kompostbinge bak som jeg planter i, da vokser gresskaret fra toppen og nedover. Er veldig spent på om det vil fungere, men er alltid optimist i utgangspunktet. Her spirte heller ikke bønnene jeg sådde i vinter, men de jeg nå har sådd direkte for tre uker siden spirer. Bondebønner er en fantastisk vekst, blir mer og mer av det hvert eneste år. 🙂

    Legg att eit svar

    Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


    %d bloggers like this: