5 (11) grønsaker eg kan hausta i mai

Plukka inn mat frå hagen nå? Er jo nett ferdige med å planta ut og så… Her skal du få bli kjendt med to raske grønsaker og tre fleirårige som kjem opp tidleg på våren. Og to av dei seks kan du hausta av året rundt!
REDDIK : Sådd i rader i pallekarm den 6. april. Mange sortar å velja mellom i ulike fargar og former: Avlange og runde. Har hatt fiberduk over pallekarmen. Vatna har eg måtta, reddikar blir best på smak om dei får nok vatn. Knask i deg som dei er, eller skjer i skiver og ha på brødskiva og i salatbollen.

SALATKÅL: Håpar verkeleg fleire får augene opp for desse supre asiatiske grønsakene som du både kan eta som salat og wokka. Veks fort og du treng ikkje uroa deg om mai blir lunefull og kald. Er faktisk i kålfamilien, og inneheld derfor mange av dei same fantastiske næringsstoffa. Sprø og gode og attpåtil vakre planter! Eg kjøpte ein liten pose “Babyleaves Oriental Mix” frå det vesle danske frøfirmaet Albinus (nei, eg er ikkje sponsa) for nokre år sidan, og det har blitt til masse godsaker. Sådde tidlig i mars i den gule baljen min, og kunne så momsa på små blad med rukkolaaktig smak i eit par veker i april. Så tok eg dei ut av baljen og planta ut ein og ein mellom radene med spisskål i kjøkkenhagebed-1. Salatkål veks nemleg raskt, og er ferdige til å haustast nå. Altså før kålplantene har blitt så store at dei treng heile plassen. Veldig smart, om eg skal seia det sjølv.

Frøposen inneheldt frø av seks sortar salatkål: Pak choi ‘Canton White’, tatsoi, mizuna, mibuna, grøn sennep ’Pizzo’ og rød sennep. Så eigenleg er det 11 ulike grønsaker eg kan hausta alt nå…

LUFTLØK (fleirårig løk): Større enn graslauk, smakar betre og søtare enn både grasløk og vårløk. Du treng bare planta han ein gong – helst i god kompostjord – så kjem han att år etter år. Fyrst klypper du dei grøne spirene/stilkane (som grasløk), seinare får planten små løk i toppen av kvar stengel. Desse er gode rå, f.eks i salatskåla eller til tacokvelden. Puttar du nokre av desse småløkane i jorda, får du nye luftløkplanter!

FLEIRÅRIG KÅL: Jepp. Mild og god i smak, men så dekorativ at eg gløymer å eta han….

GRØNKÅL, så klart! Den eg sådde i fjor vår og som eg hausta bøttevis av frå sommar til mars, serverer meg nå deilige blomsterskot – gourmetbrokkoli. Eg likar best å eta dei rå. Enorme mengder ein plante produserer. Gjeld å eta knoppane, dei er best, men dei gule blomane er også gode. Nå som planten brukar kreftene på å blomar (som skal bli frø), er blada mykje mindre enn tidlegare.

RABARBRA: Er ein grønsak. Tenk ein grønsak som me kan laga saft, syltetøy og deilege dessertar og bakst av! Plant i djup og næringsrik jord som ikkje tørkar ut så lett (dekk gjerne jorda med f.eks plenklypp). Likar best sol, men halvskugge går bra. Haust ofte, nye stilkar veks ut. Ikkje vent til planten blømer.
LES MEIR OM:
EG BLIR GLAD OM DU VIL FYLGJA BLOGGEN MIN. SLIK GJER DU DET:
- Skriv inn e-postadressa di i feltet over den svarte knappen kor det står FØLG MEG. Den ligg til til høgre på sida om du er inne på pc-en. Er du inne på mobilen, finn du FØLG MEG-knappen heilt nederst, altså i botnen av innlegget men før INSTAGRAM-bileta.
- Trykk på FØLG MEG-knappen.
- Gå inn på e-posten din. Der får du nå ein e-post (truleg står det Confirm subscription eller noko slikt) som du må gå inn på for å bekrefta at du vil vera fylgjar. Trykk på STADFEST.
Som fylgjar får du ein e-post kvar gong eg har publisert eit nytt blogginnlegg
Takk for kjekke oppdateringer av hagen din! Veldig kjekt å følge med på!
Prøver meg på grønnkål i år. Har fått opp 6-7 frøplanter og lurer på hvor langt de må stå fra hverandre?
M.v.h. Lisa Marie Barmen Nielsen
Tusen takk! Tja, dårleg på avstand – målar aldri – tenk på kor store dei skal bli. Ci 30 cm?
Hei,, og takk for masse interessant og nyttig om hage og dyrking. I artikkelen du skrev om 5 (10) grønnsaker en kan høste i mai, lærte jeg om noen nye vekster, som jeg vil prøve! Men – jeg savnet spinat i artikkelen. Jeg kan dyrke 3 avlinger spinat i sesongen. Klimaet her er perfekt for denne grønnsaken. Vi bruken den kun i salater (og har mange gode dressinger). I fjor begynte jeg ute tidlig i mars i en stor potte med en klar kakelotkk over på en skjermet plass. Har hørt mange sier at de ikke får den til. Har lært at det er veldig viktig med ny næringsrik jord hver gang en sår, kanskje ikke så rart når en ser på hvor mange vitaminer og mineraler denne planten gir oss. Med vennlig hilsen, Reidun Seglem, Tananger.
Ja, spinat er topp på denne tida og tidlegare. Gløymde han ikkje, men eg har faktisk ikkje spinat i hagen denne våren!
Og tusen takk for hyggeleg tilbakemelding!
Så flott å lese. 🙂 Jeg oppnådde også “personlig rekord” i mai i år, 16 ulike jeg kunne nyte før mai var omme. 🙂 Neste år SKAL jeg passere 20. Takknemlig for godt klima i landets nest sørligste kommune. 🙂 Blir ellers glad hver gang jeg leser innlegg her, du sprer bare glede. Hagearbeid er topp. Neste år skal jeg endelig jobbe redusert, 70%, og da blir det enda mer haging. Målet var å trappe ned før 50 og jeg rekker det med to år nå. 🙂
Tusen takk, nå blei eg kjempeGLAD! 16-20, nå blei eg forviten….. Eg gløymde forresten å ta med spinat.. Kvifor i alle dagar skal du trappa ned før 50???
Jeg trenger ikke full jobb økonomisk sett og har lyst til å bruke enda mer tid på hage og skog. Kanskje blir det ikke som tenkt, da kan det bli med ett år. Ser i alle fram til å forsøke. 🙂
Lindesnes er vel Norges sørlegaste kommune (?), kva er den nest-sørlegaste?
Lyngdal.