Alle fire kurs er nå fulle

Alle fire kurs er nå fulle

TUSEN TAKK til de som har meldt dykk på kjøkkenhagekurs hos meg den 23. mai, 30. mai, 1. juni og 6. juni. Det er dessverre ikkje fleire ledige plassar att på desse kursa.

Eg ser fram til å møta dykk, håpar de vil bli nøgde og kjem til å gå heim med inspirasjonen på topp! I hagen min, Leikeplasshagen, i drivhuset og på terrassen er det nå fullt av planter av ulike slag på ulike stadiar som de skal få læra meir om.

Er jorda dårleg, hjelper det ikkje kor fine plantene er i utgangspunktet, derfor er jord&kompost ein viktig del av kurset.

God jord er nøkkelen til suksess i kjøkkenhagen. Den kan du laga sjøl – start nå med å kompostera avfall!

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: