Bli med på kjøkkenhagekurs den 6. juni

Bli med på kjøkkenhagekurs den 6. juni
Så kjekt at folk vil dyrka mat i hagane sine! Også kurset den 1. juni blei fort fullt, eg arrangerer derfor nytt kurs lørdag den 6. juni klokka 10-15. Det foregår ute i hagen min på Eiganes i Stavanger. Også dette kurset er for sju deltakarar, så ver rask å melda deg på.
Du lærer mellom anna dette:
Kva bør eg dyrka om eg vil ha det lettvint?
Kva vekster er lett å få til/lurt å starta med for nybegynnarar?
Kva kan eg så og planta når? Og koss gjer eg det?
Koss utnytta plassen best mulig året rundt slik at eg kan få fram mykje mat på liten plass?
Koss laga nye bed. Koss du kan fylla pallekarmane utan å kjøpa sekkevis med jord. Koss laga god kompostjord.
Nøkkelinfo om vatning, gjødsling og skadedyr/insekter.
Med andre ord: Det viktigaste du treng å vita for å lukkast.
Lunchpause
kl 12: Suppe og nybakt brød. Rabarbrapai med is og kaffe/te.
PRIS: 1000 kroner pr. person
PÅMELDING: Send epost til margunn.ueland@gmail.com med fullt namn (førenamn og etternamn) og telefonnummer.
Dei sju fyrste får plass. Desse vil då få beskjed om det og vil bli bedt om å bekrefta påmelding (som då blir bindande) ved å betala (Vipps til Margunns kjøkkenhage/nr 551979, velg Dagskurs kr 1000 frå menyen).
Alle som sender e-post vil få svar om de får plass eller ei.
Kle deg etter vêret. Ta gjerne med ei drikkeflaske med vatn.
Adresse: B. Christophersensgate 40, 4009 Stavanger. Sidegate til Eiganesveien, ikkje langt frå Tjensvollkrysset.


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: