Bli med på kjøkkenhagekurs den 30. mai

Har du lyst til å kunna plukka inn økologiske urter, salat, grønsaker, frukt og bær frå eigen hage? Bli med på DAGSKURS ute i hagen min på Eiganes i Stavanger laurdag den 30. mai klokka 10-15 for max 7 deltakarar.
Du lærer mellom anna dette:
Kva bør eg dyrka om eg vil ha det lettvint?
Kva vekster er lett å få til/lurt å starta med for nybegynnarar?
Kva kan eg så og planta når? Og koss gjer eg det?
Koss utnytta plassen best mulig året rundt slik at eg kan få fram mykje mat på liten plass?
Koss laga nye bed. Koss du kan fylla pallekarmane utan å kjøpa sekkevis med jord. Koss laga god kompostjord.
Nøkkelinfo om vatning, gjødsling og skadedyr/insekter.
Med andre ord: Det viktigaste du treng å vita for å lukkast.
Lunchpause
kl 12: Suppe og nybakt brød. Rabarbrapai med is og kaffe/te.
PRIS: 1000 kroner pr. person
PÅMELDING: Send epost til margunn.ueland@gmail.com med fullt namn (førenamn og etternamn) og telefonnummer.
Dei sju fyrste får plass. Desse vil då få beskjed om det og vil bli bedt om å bekrefta påmelding (som då blir bindande) ved å betala (Vipps til Margunns kjøkkenhage/nr 551979, velg Dagskurs kr 1000 frå menyen).
Alle som sender e-post vil få svar om de får plass eller ei.
Kle deg etter vêret. Ta gjerne med ei drikkeflaske med vatn.
Adresse: B. Christophersensgate 40, 4009 Stavanger.
Hei,
Midt i blinken kurs for meg, men dessverre er jeg bortreist i pinsehelgen!😢
Kanskje et nytt kurs?
Takker for gode oppskrifter!
Mvh
Torunn M Molde
Hei og takk for hyggeleg kommentar! Beklagar seint svar. Håpar du får ei flott pinsehelg. Alle dei fire kursa blei fulle på få timar. Må bli ferdige med dei fyrst, så får eg sjå om det blir fleire.
Heisan,
Jeg blir gjerne med på kurset ditt 30.mai dersom det ennå er ledig plass.
🙂 Marianne/Forsand
Så kjekt at du ville vera med, og beklagar eg ikkje leste dette før nå… Kurset blei dessverre fullt på nokre timar. Påmelding var på epost til margunn.ueland@gmail.com , ikkje i kommentarfeltet her på bloggen..