Rabarbrakompott med eggekrem

Rabarbrakompott med eggekrem

Rabarbrakompott er jo genialt! Lag gjerne ein stor porsjon, så kan den vera utgangspunktet for mang ein dessert: Kompott med vaniljesaus. Med piska krem. Med eggekrem. Som fyll i blautkaker og på marengskake/Pavlova.  Til pannekaker med iskrem. Eller som “Tilslørte bondepiker” der du byttar ut eplemosen med rabarbrakompott. Er det ikkje herleg?

Tipset om tilslørte rabarbra-bondepiker (rabarbratrifli) var det Anita Ditrichson som kom med på Facebooksida Drivhuset Mitt.  Alltid gode og nyttige tips frå henne. Ho la rabarbrakompott lagvis med ei blanding av stivpiska krem og eggedosis. Det som gjorde susen, skreiv ho, var dei sprø mellomlaga av havregryn og hasselnøtter surrapå panna i meierismør og honning.

Dermed fekk eg  veldig lyst til å laga rabarbrakompott! Men eg var tom for nøtter, så dermed serverte eg bare kompott i ei skål og eggekrem i ei anna. Nydeleg! Før me fekk kjøpt nøtter, var kompotten oppeten. Mannen min fann nemleg ut at ei skei eller to eller tre eller fire var godt i skåla med havregryn og mjølk.

HER ER OPPSKRIFT PÅ KOMPOTTEN:

(4 porsjonar, minst)

  • 750 gam rabarbra
  • 3 dl vatn
  • 2,5 dl sukker
  • 1 ss potetmjøl
  • 3/4 dl vatn

Framgangsmåte:

  1. Vask stilkane og skjer dei i små bitar.
  2. I mens kokar du opp vatnet og sukkeret.
  3. Kok så rabarbrabitane møre.
  4. Ta opp rabarbraen med ei holsleiv og legg dei i ei skål.
  5. Kok sausen inn litt/ein god del (kjem an på koss du likar kompotten).
  6. Bland potetmjølet og 3/4 dl vatn i f.eks ein kopp til jevning og hell i sausen/gryta mens du rører til sausen får eit oppkok.
  7. Hell så denne over rabarbrabitane i skåla.
  8. Avkjøl. Kompott er best kald.

EGGEKREM

(4 porsjonar)

  • 1 egg
  • 1 ss melis
  • 2 dl kremfløyte
  • 1/2-1 ss melis (kjem an på kor søtt du vil ha det)
  • 1 ts vaniljesukker eller vaniljeekstrakt

Framgangsmåte:

  1. Pisk egg og melis til eggedosis i ein bolle
  2. Pisk fløyte, melis og vaniljesukker i ein annan bolle.
  3. Bland.

MEIR OM RABARBRA: 3 DESSERTAR OG 4 KAKER MED RABARBRA +SLIK FÅR DU DIGRE PLANTER

 



Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *


%d bloggers like this: